Publisert: 19. sep. 2016

Klarar Sandberg å samla Noreg, slik Hårfagre klarte?

Før kunne ikkje fartøy med løyve til å delta i fisket etter torsk, hyse og sei med konvensjonelle reiskap nord for 62ᴼ nord, eller løyve til fiske med konvensjonelle havfiskefartøy, seljast for fortsatt drift frå eitt fylke til eitt anna.

I juni endra Sandberg reglane om fylkesbindingar ved sal av fiskebåtar, til å bli ein landsdelsordning. Med dei nye reglane blei Nordland, Troms og Finnmark eit område og resten av landet eit anna. Det er framleis vanskeleg å handla kvotar over landsdelsgrensa.

Fjerninga av fylkesbindingane var etterspurt i næringa, men diverre er sal mellom landsdelane framleis vanskeleg. Per Sandberg skal likevel ha ros for ei viktig endring i rett retning!

No er det berre eit lite skritt att. Det er å fjerna landsdelsordninga heilt. Pelagisk Forening vonar at Sandberg klarar det òg. For 11-1200 år sidan samla Harald Hårfagre Noreg til eit rike. No er det på tide at òg fiskefarty kan omsetjast fritt frå ein landsdel til ein annan.

Det er slik at de fleste av torskekvotane er i dei tre nordlegaste fylka. Det gjev ulike konkurransetilhøve for fiskarar sør og nord for fylkesgrensa mellom Nordtrøndelag og Nordland. Reiarlag i sør har såleis mindre høve til å konkurrera om kvotar i nord.

Som oftast er grunngjevinga, for endringar, omsynet til ein lønsam fiskeflåte. Slik det er no har deler av flåten framleis høve til å bli meir lønsam enn andre deler av flåten. Det har truleg ikkje vore meininga.

Ved å fjerna landsdelsordninga vil prisskilnadane mellom de tre nordlegaste fylka , og resten av landet, bli utjamna. Næringa vil òg få like vilkår, og få same tilgong til finansiering.

Ei av grunngjevingane, for endringa, var at reglane nærast har tvunge fiskarar til å flytta om dei skulle selja livsverket sitt, eller om dei skulle bygga opp driftsgrunnlaget sitt. Slik er det diverre fortsatt, då landsdelsordninga vil tvinga folk til å flytta for å få auka driftsgrunnlag. Landsdelsordninga er òg til hinder for vidare utvikling av reiarlaga.

Prisreguleringar har ofte uheldige biverknadar. Som døme kan nemnast reglane om buplikt og ulike prisreguleringar. Pelagisk Forening trur at Fiskeriministeren sitt parti er det fyrste til å sjå at det bør vera like konkurransevilkår i næringa.

Pelagisk Forening er viss på at landsdelsordninga ikkje vil vara evig, men vonar det er Per Sandberg sjølv som fjernar ordninga.

Pelagisk Foreining

Ask Økland

Mariann Frantsen