Publisert: 9. feb. 2026

Utfordringar med lang sakshandsamingstid hjå Fiskeridirektoratet

UTFORDRINGAR MED LANG SAKSHANDSAMINGSTID HJÅ FISKERIDIREKTORATET

Dei siste tre åra har medlemmar informert om lang sakshandsamingstid hjå direktoratet, og at sakshandsamingstida blir lengre og lengre.

Medlemmar har òg meldt at lang sakshandsamingstid medfører utfordringar i høve til drift av fiskefartøy.

Det er òg utfordrande at sakshandsamingstida ofte er lengre enn kva direktoratet har signalisert på førehand.

Sakshandsamingstid ved søknadar om ervervsløyve

Som kjent er det ikkje lov å bruka båtar i fiskeri før direktoratet har gjeve ervervsløyve. Når sakshandsamingstida er lang, ved utskifting av fiskefartøy, risikerer fiskarane færre dagar til å fiska kvotane sine. Den lange sakshandsamingstida gjer det òg vanskelegare å planlegga fiskeria.

I ytste konsekvens risikerer fiskarar å mista fiskeri, og såleis tapa vesentlege inntekter. Om det skjer medfører det òg negative ringverknadar for landindustrien.

Sakshandsamingstid etter kontrollar. Eit rettssikkerheitsproblem?

Det kan òg nemnast at det ofte går eit par år frå kontrollar til direktoratet varslar om mogelege reaksjonar. Lang tid frå hending til varsel om mogelege gebyr, inndraging eller straff, gjer det vanskelegare å forsvara seg mot påstandar om lovbrot. Lang sakshandsamingstid kan difor medføra dårlegare rettstryggleik.

Lang sakshandsamingstid og fiskerireguleringar

Lang sakshandsamingstid, i reguleringar, kan òg medføra utfordringar. Som døme kan me nemna snøkrabbereguleringa for 2026. Snøkrabbereguleringa blei først kunngjort (på lovdata) den 23. desember 2025. Det seier seg sjølv at det medfører utfordringar ved planlegging av fiskeriet.

Når det gjeld reguleringsmøta har næringa gjeve mange tilbakemeldingar på at direktoratet legg fram saksdokumenta kort tid før reguleringsmøta, og at dette er utfordrande for næringa. Dersom direktoratet legg fram reguleringsdokumenta i god tid før reguleringsmøta vil næringa ha betre tid til å gå gjennom reguleringsforslaga, og reguleringane vil truleg bli betre.

Det har blitt vanskelegare å få kontakt med tilsette i direktoratet

Pelagisk Forening vil understreka at me opplever at direktoratet har mange dyktige og imøtekomande tilsette. Tilsette me opplever å ha godt samarbeid med. Dette til nytte både for næring og forvaltning.

Pelagisk Forening har forståing for at tilsette i direktoratet har arbeidsoppgåver der det er behov for å vera skjerma frå innkomande telefonsamtalar.

Dei siste åra har Pelagisk Forening opplevd at det har blitt vanlegare at sakshandsamarar ikkje ringer att. Dette gjeld både ved direktetelefonar til sakshandsamarar, og ved telefonar til sentralbordet. Det vil vera fint om me alltid blir ringt att når me har kontakta Fiskeridirektoratet.

Før var direktenummera, og ansvarsområda, til dei tilsette opplyst på heimesida til direktoratet. Slik er det ikkje lengre. Pelagisk Forening har forståing for at slik informasjon kan ha blitt misbrukt av publikum, og at det kan vera behov for ei viss skjerming. Pelagisk Forening meiner likevel at fiskeriorganisasjonane bør få lister over direktenummer, e-postadressene og ansvarsområda til sakshandsamarane i direktoratet. Dette kan gjerast utan at kontaktinfo ligg offentleg på nettet.

Direktoratet burde òg hatt ein vakttelefon det var mogeleg å ringa, i viktige hastesaker, i helger og høgtider.

Avslutning

Pelagisk Forening vil peika på at eit av måla, ved Fiskeridirektoratet si omorganisering, var auka effektivitet, og redusert sakshandsamingstid.

Pelagisk Forening er uroa over den lange sakshandsamingstida til direktoratet, og at sakshandsamingstida synest å auka.

Pelagisk Forening er òg uroa over at det er vanskelegare å koma i kontakt med sakshandsamarar i direktoratet.

Pelagisk Forening ber om at direktoratet tek naudsynte grep for å redusera sakshandsamingstida ved direktoratet, og for å gjera det lettare å koma i kontakt med sakshandsamarane i direktoratet.