Nvg-fiske innanfor fjordlinjene i Kvænangen. Ringnot og pelagisk trål
Pelagisk Forening har medlemmar som melder at norsk vårgytande sild på andre fiskefelt er småfallen, og at silda i Kvænangen er vesentleg større, og meir egna til konsum.
Ringnotfartøy og pelagiske trålfartøy har ikkje høve til å fiska sild med nót innanfor fjordlinjene.
Fartøy frå desse gruppene er heller ikkje omfatta av dispensasjonsen i forskrift om midlertidig opning for fiske etter norsk vårgytande sild med nót innanfor fjordlinjene i Kvænangen.
Pelagisk Forening ber om at direktoratet endrar forskrifta slik at fartøy i gruppene ringnot og pelagisk trål òg før høve til å fiska nvg innanfor fjordlinjene i Kvænangen.
Saka hastar. Dette fordi erfaring viser at silda er vanskeleg tilgjengeleg når silda trekk ut av fjordane.
Pelagisk Forening har medlemsfartøy som kan stilla opp dersom direktoratet/Sjøtenesta ønsker fartøy til prøvefiske.