Særlege kvoteordningar må vera klare til starten av fiskesesongane
Pelagisk Forening viser til Fiskeridirektoratet sitt brev til NFD av 10.10.25. «Forslag til etablering av særlig kvoteordning for den minste fartøygruppen i pelagiske fiskerier»
Direktoratet sin referanse er 25/1581.
Pelagisk Forening reknar med at innføringa av ordninga medfører at det er naudsynt å gjera endringar av registera til Fiskeridirektoratet og salslag.
Pelagisk Forening meiner at uansett korleis detaljane i ordninga blir er det særs viktig at ordninga er klar når dei enkelte fiskesesongane startar.
Det er altså viktig at ikkje registringstekniske tilhøve, endring av registre eller liknande tilhøve medfører at ordninga ikkje er klar ved starten av fiskesesongane.
Pelagisk Forening har medlemsfartøy som ønsker å fiska nvg i byrjinga av januar 2026.
Pelagisk Forening ber difor om at kvoteordninga er klar frå og med 1.1.26.
Ta gjerne kontakt med underteikna dersom de har spørsmål, eller eitkvart er uklårt.