Økokrim sitt bilete treng fleire nyansar
Når Økokrim omtalar fiskerikriminalitet, vert det presentert som om alle lovbrot er alvorlege og tilsikta. Kvardagen på havet byr på forskjellige utfordringar, både i forhold til den praktiske utøvinga av fisket, og etterleving av regelverket. Ikkje alle avvik skuldast tilsikta handlingar. Som fiskar og representant for Pelagisk Forening meiner eg det er behov for ei meir nyansert framstilling – der vi skil mellom formaliafeil og faktisk kriminalitet, og ser regelverket i lys av den praktiske utøvinga av fisket.
Eg er absolutt ikkje ute etter å unnskylde aktørar som bevisst manipulerer utøvinga av fisket og regelverket for eiga vinnings skuld, og på den måten bidreg til overbeskatning av fiskebestandane.
Men eit statisk og omfattande regelverk, som ja; er nødvendig, dreg med seg utfordringar knytt til utøvinga til den dynamiske øvelsen som utøvinga av fisket er.
Eg er ikkje ute etter at vi skal bagatellisere heile eller delar av reglverket, men det er ikkje slik at eit kvart lovbrot, eller “brudd på forskriften” som det ofte heiter, kan definerast som fiskerikriminalitet. Difor er eg ute etter å skape eit meir nyansert bilete enn det som kjem fram frå Økokrim.
For det fyrste er det på langt nær alle påpeikte lovbrot frå Fiskeridirektoratet som vert rettskraftige. For det andre er det ikkje slik at eit kvart brot på feks rapporteringsforskrifta er tilsikta kriminalitet gjort for eiga vinnings skuld, med det resultat at fiskebestandane vert overbeskatta. Dette med taksering av fangst har vore ein gjengangar i rettsapparatet sidan fangstdagboka vart innført på 80-talet.
Reint praktiske utfordringar knytt til taksering av fangst på havet, i kombinasjon med sesongvariasjonar i faktiske omregningsfaktorar, og andre uforutsette forhold fører ofte til avvik mellom rapportert og landa vekt på fangsten. I dei aller fleste tilfelle så er det uansett landa og vegen fangst som vert avrekna og kvotebelasta. Difor meiner eg at avvik på fangstrapportering, som eit eksempel på lovbrot, ikkje nødvendigvis kan definerast som fiskerikriminalitet, men heller formaliafeil som ikkje nødvendigvis berøvar havet for fisk, eller undergrev felleskapet sit eigarskap til fiskeressursane.
Ein kvar fiskar strekker seg heile tida etter å etterleve regelverket, men igjen; eit statisk regelverk sett i lys av ei dynamisk utøving av eit yrke fell ikkje alltid 100 prosent i hop.
Over/underapportering er berre nemnt som eit eksempel. Eg skulle på fiskarane sine vegne berre ynskje at vi fekk ei meir nyansert framstilling av lovbrota i fiskerinæringa.
Kor mykje av det er faktisk rettskraftig?
Kor mykje er gjort for eiga vinnings skuld?
Kor mykje er formaliafeil, og kva betyr dette for sjuande og sist for uttaket av ressursane i havet.
Til så lenge bør vi alle fortsatt tilstrebe å etterleve regelverket, og ta det ansvaret som det er å få ha det privilegiet det er å få hauste av fellesskapet sine ressursar. Men det fordrar at handheving av regelverket vert utført i forståing med av fisket.
Arve Myklebust
Representantskapets sin ordførar i Pelagisk Forening