Publisert: 7. nov. 2025

Ber direktoratet om å revurdera stenginga av Syltefjorden, eventuelt ta fleire prøvar

Pelagisk Forening viser til fiskerimelding j-188-2025, der store område blir stengt for fiske med snurrevad.

Sjå link:

https://www.fiskeridir.no/yrkesfiske/j-meldinger/j-188-2025#forskrift-om-regulering-av-fiske-med-snurrevad-stenging-av-omrader-pa-kysten-av-troms-og-finnmark

Medlemmar melder at fram til området blei stengt, fekk dei stor fin fisk i området, og lite undermåls fisk. Difor blir det stilt spørsmål ved om det er stengt eit vesentleg større område enn kva som prøvane tilsa, og kva som er naudsynt for å unngå fiske på undermåls fisk.

Pelagisk Forening oppmodar difor om at Fiskeridirektoratet revurderer stenginga, og vurderer om det er grunnlag å for å stenga eit så stort område. Dette så snart som mogeleg.

Landingssedlar for landa sei frå Aust-Finnmark vil kunne gje eit bilete av eventuelt omfang av innblanding av undermåls sei.

Det blir òg oppmoda om at det blir tatt fleire prøvar. Pelagisk Forening har medlemmar som kan stilla med fartøy dersom det er ønskeleg.