Publisert: 28. okt. 2025

Pelagisk Forening ber om heving av fregatten som blei senka i eit fiskefelt

SENKING AV SKIP I FISKEFELT - OPPMODING OM FJERNING AV SKIPSVRAK

Pelagisk Forening viser til militærøvinga «Ægir», der Forsvaret brukte dei to utrangerte fregattane KNM Trondheim og KNM Bergen som øvingsobjekt/målobjekt/blink for torpedo og flybombe. Skipa sokk, som planlagt.

Pelagisk Forening har forståing for at Forsvaret må øva, men seier seg leie for at stadane ikkje blei drøfta med fiskerinæringa på førehand.

I ettertid har det vist seg at KNM Bergen blei senka i eit viktig fiskefelt. Dette vil skapa vanskar for utøving av fiskeri i området. Særleg med snurrevad, garn og lina. Dette fordi det er stor fare for at fiskereidskap vil festa seg til vraket. Dette medfører stor fare for skade, og tap, av bruk. Det medfører ikkje berre økonomisk tap, men forureining og fare for spøkelsesfiske.

No må må fiskarane fiska i god avstand frå vraket. Dette medfører stor ulempa for fiskarane. Dersom fartøya var oppankra då dei blei senka vil anker- og ankerkjettingar gjera at vesentleg større område ikkje kan brukast til fiske, men p. t. er det ikkje offentleg om KNM Bergen av oppankra då skipet blei senka.

Pelagisk Forening ber om at KNM Bergen blir heva.

Pelagisk Forening ber òg om at fiskerinæringa blir rådspurt i god tid før eventuelle nye senkingar.