Forslag til forskrift om gebyr til Mattilsynet
HØYRINGSSVAR FRÅ PELAGISK FORENING
FORSLAG TIL FORSKRIFT OM GEBYR TIL MATTILSYNET
Pelagisk Forening viser til høyring datert 23.9.25.
Pelagisk Forening er ein interesseorganisasjon for fiskebåtreiarlag. De kan lesa meir på www.pelagisk.net
Dei fleste av forslag har ikkje direkte verknad for medlemmane i Pelagisk Foreining. Difor har ikkje Pelagisk Forening merknadar til detaljforslaga i høyringa.
Overordna støttar Pelagisk Forening forslag som gjer regelverk meir oversikteleg for både forvaltning og næringane.
Det same gjeld forslag som medfører forenkling, klargjering og standardisering av gebyrreglane.
Pelagisk Forening støttar at ei ny gebyrforskrift samlar alle reglar om gebyr til dekning av kostnader til Mattilsynet, og vedtaking av gjennomgåande prinsipp og standardiserte omgrep, og reglar som medfører forbetring og forenkling av gebyrforvaltninga.
Pelagisk Forening har ikkje synspunkt når det gjeld gebyr for tilsyn og kontroll med fiskevelferd i akvakulturanlegg.