Høyringssvar. Forskrift om handtering av groe på skrog
HØYRINGSVAR FRÅ PELAGISK FORENING
FORSLAG TIL FORSKRIFT OM HANDTERING AV GROE PÅ SKROG
Pelagisk Forening viser til høyring datert 4.6.25.
Pelagisk Forening er einig i føremålet med forslaget, å hindra import og spreiing av uønskte artar.
Pelagisk Forening er òg einig i at «Det er viktig at håndteringen av begroing ikke løser ett problem og samtidig skaper et nytt.»
Generelt er det òg viktig at eventuelle pålegg faktisk verkar. Altså at flåten ikkje får fleire rapporteringsplikter, og kostnadar, som ikkje har ønska verknad.
Sjøfartsdirektoratet skriv at «I denne sammenhengen er det også viktig å få fram at forskriften vil, når den blir satt i kraft, være strengere enn IMOs retningslinjer, se §§ 11 og 12.» Pelagisk Forening tenkjer at det er naturleg at Noreg føl IMO sine retningsliner.
Generelt har norske fiskefartøy eit driftsmønster der fartøya skjeldan er utanfor norsk økonomisk sone i lengre tid. Altså at det ikkje vil rekka å gro mykje på fiskebåtane den tida dei er utanfor nøs. Slik sett vil forskrifta berre medføra ekstra skrogvask for relativt få norske fiskefartøy. Men det hender at fartøy er på lengre verkstadopphald i utlandet, eller at det blir kjøpt brukte fartøy frå utlandet.
Pelagisk Forening er einig i Sjøfartsdirektoratet sitt forslag om at forskrifta trer i kraft i juli 2026. Dette slik at reiarlaga får tid til å setja seg inn i regelverket, og at det faktisk blir tilbydarar som tilbyr tenester som oppfyller krava i forskrifta.
Det bør vera eit klart skilje mellom kva som blir rekna som makro-, og kva som blir rekna som mikrogroe. Dette slik at reiarlaga ikkje risikerer gebyr dersom dei vurderer dette feil.
Kvart år er det norske fiskebåtar som fiskar i andre land sine soner, men som går direkte tilbake, til Noreg, for å levera fangstane. I slike høve vil fartøya ikkje vera innom utanlandsk hamn, eller ankra i utanlandske hamner.
Det bør difor avklarast om forskrifta gjeld for skip som har vore utanfor nøs, men som ikkje har vore i hamn, eller annan oppankringsplass.
Når det gjeld krav om plan, mot groe, støttar Pelagisk Forening at planen kan vera ein del av ISM-systemet.
Det er fint om direktoratet legg ut ein mal, til plan som dekker krava, på heimsida si.
Når det gjeld dokumentasjonskrava er Pelagisk Forening einig i at «det ønskelig at kravene som foreslås er enkle å forholde seg til»
Når det gjeld § 9 synest det ikkje å vera naudsynt å krevja at skip som ikkje opererer utanfor nøs må «bruke den beste tilgjengelige teknologien når de rengjør skroget». Når det ikkje er fare for import av framande artar bør reiarlaga ha lov til å reingjera skipa på den måten dei ønsker, men sjølvsagt slik at reingjering ikkje fører til ulovlege utslepp av botnstoff etc.
Når det gjeld kravet om å bruka best mogeleg teknologi bør det ikkje vera opp til det enkelte reiarlag å vurdera kva teknologi som oppfyller krava i forskrifta. Det er betre om Sjøfartsdirektoratet publiserer kva teknologiar som oppfyller krava i forskrifta. Dette vil unngå bruk av teknologi som ikkje er god nok, og spara reiarlaga for arbeid og utgifter.
Pelagisk Forening er einige i at «Dersom rengjøring kan føre til økt forurensning, skal den ikke gjennomføres.»
Pelagisk Forening ser at direktoratet må ha heimel for pålegg, om reingjering, for at formålet skal nåast. Det er positivt at «inspektører (vil) få opplæring for å sikre lik praktisering av regelverket.»
Pelagisk Forening meiner at direktoratet bør rettleia, og ikkje gje gebyr, dei første par tre åra etter at forskrifta er vedtatt.