Skipper og reiarlag frikjent i straffesak. Bistand fra Pelagisk Forening
Høsten 2022 fiska ringnotfartøyet etter makrell i Nordsjøen. På slutten av innhalinga etter eit bomkast oppdaga mannskapet at det var litt makrellgjedde og horngjel i nota. Då var kvitblåsa om bord. Det var makrell om bord, men det var plass til mange hundre tonn makrell til. Utan at mannskapet var klar over det blei dei filma av ei drona frå Kystvakta.To veker seinare, og etter at båten hadde levert fisk, blei båten borda av Kystvakta. Dette medan dei leita etter fisk. Først då Kystvakta var på brua opplyste Kystvakta at dei ville avhøyra skipperen.
Hovudspørsmålet var om det var makrel eller makrellgjedda og/eller horngjel i nota. Det er lov å dumpa makrellgjedda og horngjel, men ikkje makrell. Det var òg spørsmål om skipper hadde vore aktlaus, og korleis det er vanleg å avgjera kva art som er i ei not.
Skipper og reiarlag blei frifunne fordi det ikkje var mogeleg å fastslå sikkert at det var makrell i nota.
Dersom retten hadde kome til at det var makrell i nota måtte retten òg tatt stilling til kva som er norma for aktsam artsbestemming, og om skipperen hadde vore aktlaus.
Dommen er ikkje rettskraftig.
Her er link til omtale i Fiskeribladet