Publisert: 2. feb. 2024

Høyringssvar. Beslaglegging, destruksjon, og sal av umerka fiskereiskap.

Direktoratet har ikkje heimel til  beslaglegga, destruera eller selja umerka fiskereiskap. Dette gjer at slike saker blir meldt til Politiet, og at Politiet må lagra, og seljar eller destruera umerka fiskereiskap. Dette fører til ekstra arbeid både for direktoratet og for Politiet. Direktoratet ønsker difor lovheimel til å gjera dette arbeidet sjølv.

Pelagisk Forening støttar forslaget, men har gitt uttrykk for at tapte fiskereiskap kan ha stor verdi for fiskarane. Difor bør direktoratet få plikt til å gjera ein innsats for å finna att eigarane før destruksjon eller sal. M.a. bør direktoratet ha plikt til å undersøka om reiskapen er meldt tapt i Barentswatch.

Det er m.a foreslått plikt til å oppbevara funne reiskap i ein månad. PF meiner at direktoratet må plikta å oppbevara reiskapane i minst tre månadar.

Dersom det er openbart at reiskapen er søppel/verdilaus har ikkje Pelagisk Forening innvendingar mot at slik reiskap straks blir destruert.

Dersom direktoratet sel eller destruerer fiskereiskap utan å etterleva plikt til aktivt å freista å finna eigaren av bruket bør det medføra plikt til å betala erstatning til eigar. Ein heimel for erstatningsplikt bør difor takast med i forskrifta.