Publisert: 3. nov. 2023

Makrell- bruk av restsoneadgang i UK

Som kjent fekk alle havgåande makrellfartøy tildelt ei delkvoteeining i UK sitt farvatn.

Delkvoteeininga var på ca. 60 %.

Pga. uheldig regulering, og at enkelte fartøy fiska meir enn sitt tildelte kvantum, blei fisket i UK stengt før alle fartøy hadde fiska si delkvoteeining.

Dette førte til at nokre fartøy ikkje fekk høve til å fiske delkvoteeininga si i UK.

Altså at gjeldande regulering blei reversert i løpet av kvoteåret.

Endring av reguleringar i løpet av kvoteåret er i seg sjølv uheldig.

Når det samstundes er lite makrell tilgjengeleg i norsk farvatn er det stor sannsynlegheit for at stenginga fører til at desse båtane ikkje får fiska heile makrellkvotane sine.

Per 3/11 har Noreg 411 tonn ufiska kvantum makrell att i britisk sona.

Dette i følje Sildelaget.

Pelagisk Forening har difor bedt direktoratet om å gjera naudsynte reguleringsendringar så snart som mogeleg.

Dette slik at det resterande kvantumet på 411 tonn i UK sitt farvatn kan fiskast av norske båtar.

PF har òg  bedt om at dei båtane som blei fråtatt tidlegare tildelt soneadgang, som følje av stengingane, blir prioritert.