Publisert: 9. mai 2021

Unytta tredjelandskvote bør tilbakeførast til nasjonal kvote

Følgende høringssvar er sendt ifm fordeling tredjelandskvote av torsk.

Pelagisk Forening meiner at all unytta tredjelandskvote bør tilbakeførast til nasjonal kvote. Dette for at dette kvantumet ikkje skal bli ufiska, men koma næring og distrikta til gode.

Fordeling bør skje etter gjeldande fordelingsnøklar.

Samstundes har Pelagisk Forening forståing for situasjonen til fartøy/reiarlag som har mista vesentlege deler av sitt driftsgrunnlag som følje av manglande avtale med UK. Pelagisk Forening har difor ikkje sterk innvending mot at det eventuelt blir satt av eit kvantum på inntil 5 000 tonn til kompenserande tiltak.

Dersom det blir satt av eit kvantum til kompenserande tiltak meiner Pelagisk Forening at eit slikt kvantum må fordelast til alle gruppene som har tapt kvantum som følje av manglande avtale.

Ein refordeling bør skje så snart som mogeleg.

Pelagisk Forening meiner at det er viktig at reguleringane er slik at Noreg får fiska heile kvoten. Det er difor viktig at fordeling skjer til grupper som har reell moglegheit til å fiska større kvantum.

Det er òg viktig at direktoratet føl situasjonen tett, og refordeler når direktoratet eventuelt ser at flåtegrupper ikkje kan klara å fiska kvantum som ikkje kan overførast til 2022.