Publisert: 21. apr. 2020

Koronaepedemi og force majoure

Somme opplever kanskje at avtalepartar ikkje oppfyller avtalar, og skuldar på koronaviruset som force majeure.

Her kjem difor ei kort innføring, og nokre råd om kva de bør gjera i slike situasjonar.

Force majeure tyder sterk kraft, og kan vera ein fritakande grunn til å ikkje oppfylla ein inngått avtale.

Force majeure er når ei ytre, plutseleg, og ekstraordinær hending hindrar partane i å oppfylla ein kontrakt.

Hendinga må vera av eit visst omfang.

Dersom det føreligg force majeure, vil ein part kunne sleppa ansvar, for oppfylling eller skadebot, sjølv om han ikkje oppfyller ein avtale.

Det er klart at koronaepedemien kan kvalifisera som force majeure, men dette er langt frå automatisk.

Utgangspunktet er at avtalar skal haldast, sjølv om det oppstår epidemiar.

For at det skal vera force majeure er det vilkår om at det skuldast tilhøve som hindrar partane i å oppfylla avtalen, tilhøve som dei ikkje har kontroll over, eller ikkje med rimelegheit kunne forutsjå.

Det som kjenneteiknar ei force majeure-hending er at den kjem utanfrå, er ekstraordinær og ikkje kunne påreknast. Skuleeksempla er krig, jordskjelv, flom, opprør, generalstreik mv.

Dersom  tilhøve utanfor partane sin kontroll kvalifiserer til force majeure er verknaden at partane si plikt til å oppfylla avtalen blir suspendert/ utsett inntil vidare.

Mange kontraktar har klausular om unntak fra oppfyllingsansvar, eller erstatningsansvar, ved force majeure.

Regelen er likevel ein ulovfesta regel som fritek avtalepartane frå å oppfylla så lenge hindringa varer.

I konkrete saker bør ein difor undersøkja den inngåtte avtalen.

Merk at det er vesentleg skilnad på norsk og britisk/amerikansk rett. Dersom du har kontrakt med aktørar i andre land må det først avklarast kva lands rett som regulerer tilhøvet.

Dersom hindringa fell bort pliktar normalt partane å gjennomføre kontrakten. Det kan vera unntak dersom forutsetningane, for avtalen er blitt urimeleg endra etter opphaldet.

Det er ikkje vilkår om at force majeure gjer oppfylling umogeleg, men oppfylling må vera urimeleg tyngande.

At ein part tapar pengar er heller ikkje aleine tilstrekkeleg for å oppfylla vilkåra i force majeureregelen.

Dersom ein av dine avtalepartar ikkje vil oppfylla ein inngått avtale, og skuldar på force majeure, så bør du straks be han gjera greie for kva som hindrar han i å oppfylla, kva han har gjort for å oppfylla avtalen på alternative måtar, og kor lenge han trur hindringa vil vara.

Dersom du ønsker at avtalemotparten oppfyller avtalen, så krev straks at han oppfyller avtalen. Dersom du ikkje ønsker at han oppfyller avtalen, så syt for ein ny avtale der det avtaler at første avtale er kansellert.

Syt òg for å ha dokumentasjon på dette.

Undersøk òg med eige forsikringsselskap om du selskapet dekker eit eventuelt tap, og be avtalemotparten din om det same.

Eventuelle forsikringsdekning vil redusera «konfliktnivået» vesentleg.

Dersom ein ikkje oppfyller ein avtale, og skuldar på force majeure utan at årsaka oppfyller vilkåra, er konsekvensen at ein mislegheld avtalen, og kan få plikt til å betala skadebot.

Når styresmaktene påbaud næringsdrivande å stenga oppfyller det i utgangspunktet vilkåra for force majeure, men unntak kan tenkast om det er mogeleg med alternativ oppfylling av avtalen.

Dersom din avtalemotpart får midlar frå staten sin «redningspakke» vil force majeureregelen ikkje frita han for ansvar.

Koronapandemien har ført til ekstraordinære tilstandar. No når situasjonen er meir avklart vil mange leverandørar mest truleg ta pandemisituasjonar med i force majeureklausular i standardavtalane sine.

Les og vurder slike klausular ved inngåing av nye avtalar.

Spør om det er ønskeleg med meir info, eller bistand i enkeltsaker.