Publisert: 1. nov. 2019

Høyringssvar- opning av områder

Pelagisk Forening er opptatt av at fiskerinæringa, og andre næringar, skal vera så miljøvennleg som mogeleg. I utgangspunktet er det såleis positivt at kraftproduksjon blir meir miljøvennleg.

Samstundes er det viktig at etablerte næringar ikkje blir fortrengt, eller får vanskelegare tilhøve. Dette både av nærings- og miljømessige grunnar.

Det er òg viktig å sjå miljøvernet i eit totalt, og globalt, perspektiv. Dersom eit planlagt tiltak totalt sett er negativt for miljøet, så bør ikkje tiltaket gjennomførast. Dette sjølv om tiltaket isolert sett kan vera miljøvennleg.

Dersom planlagde utbyggingar fører til at fiskebåtar må gå lengre, eller må leita meir for å finna fisk, vil utbyggingføra til auka utslepp, av CO2, frå fiskeflåten. I så fall vil det kunne føra til at vindkraftutbygginga totalt sett får mindre miljøvinst enn utbygging får isolert sett.

Det kan òg nemnast at pelagisk fiskeri er ei svært miljøvennleg næring, som har låge utslepp per kilo mat.

Det synest klårt at vindmøller til havs har liten, om ingen, samfunnsøkonomisk lønnsemd isolert sett.

Dersom slike vindmøller vanskeleggjer fiskeri, eller gjer fiskeri umogeleg, så vil det føra til store tap. Dette både for fiskarane og landindustrien. Det kan heller ikkje utelukkast at oppdrettsnæringa òg blir råka, om forleverandørane får mindre råstoff. Såleis vil vindmøller kunne vera ei samfunnsøkonomisk katastrofe.

Førstehandsverdien av fisk frå kvart av desse områda utgjer ca. 200 MNOK. Det er vanleg å gonga førstehandsverdien med 4-5, for å estimera ringverknadane på land.

Det er såleis klart at negative ringverknadar vil kunne vera svært store.

Konklusjon:

I konsekvensutgreiinga må det vurderast om andre plasseringar vil redusera ulempene for fiskerinæringa.

Deler av forslaga er så negative, for fiskerinæringa, at utbygging ikkje bør skje.

Areal må ikkje legga beslag på område lengre enn naudsynt. Fortøyingane må difor ikkje leggast ut eit før dei skal brukast.

Eventuelle trafikk- og fiskeforbodssoner må vera eit eige punkt i konsekvensutgreiinga, slik at høyringsinstansane kan ta konkret stilling til sonene.

Kablar må i størst mogeleg grad leggast i eksisterande trasear.

Det må vera mogeleg å tråla over kablane.

Eventuell byggestart må ikkje skje i fiskesesong.

Når anlegg ikkje lengre er i drift må alle deler av anlegget, inkludert kablar, ankre, og fortøyingar, fjernast så snart som mogeleg.

Vurdering

Olje- og energidepartementet foreslår å opne områda Sandskallen-Sørøya Nord, Utsira Nord til havbasert vindkraftanlegg. Det blir òg bede om innspel på om Sørlege Nordsjø II bør opnast som område for havbasert vindkraftanlegg.

Pelagisk Forening konstaterer at det blir lagt opp til å plassera vindmøller, med tilhøyrande fortøyingar og kraftkablar i viktige fiskefelt. Dette er fiskefelt fiskarane har brukt i generasjonar.

Pelagisk Forening meiner at vindmøller som går utover viktige fiskeri ikkje bør byggast.

I Innst.176 L (2009-2010), Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om lov om fornybar energiproduksjon til havs står det at ” K o m i t e e n peker på at det største konfliktpotensialet sannsynligvis retter seg mot fiskeriinteresser. K o m i t e e n mener at det er avgjørende at en satsing på havenergi lar seg forene med god sameksistens med fiskeriinteressene langs kysten. Etablering av vindkraftproduksjon til havs eller bølgekraftanlegg kan påvirke fisket

negativt dersom installasjonene blir plassert i fiskeriområder”.

Dette syner at Stortinget har bestemt at etablering av vindmøller berre kan skje med god sameksistens med fiskerinæringa. Dvs. at dersom ulempene er store for fiskerinæringa kan ikkje vindmøller byggast. Pelagisk Forening meiner at store deler av forslaga er til så stor ulempe for fiskerinæringa, at utbygging ikkje kan skje.

Utsira Nord

Det er føreslått at det blir avsett eit område på over 1000 km2, til vindkraftutbygging, på Utsira Nord

Det føl av høyringsnotatet at området berre er egna til flytande vindkraftanlegg. Kvar vindmølla vil såleis ta eit stort areal. Dette pga. fortøyingane.

Vindkraftanlegg i dette området vil få konsekvensar for mange fiskefartøy. Dette gjeld

særleg mindre kystfartøy. Havfiskeflåten fiskar òg etter kolmule og hestmakrell i området.

Pelagisk Forening er såleis negativ til forslaget.

Sandskallen - Sørøya Nord

Det er forslag om å setja av eit område på 260 km2 til vindkraftanlegg. Området er ca.

14 kilometer frå Sørøya.

I området blir det fiska etter kvitfisk med både trål, nót, snurrevad, garn, line- og juksa. Det er fiskeri her heile året.

Området er relativt nær land, og difor mykje brukt òg av den minste flåten. Det er såleis fleire hundre båtar som riskerar å bli utestengt frå eit viktig fiskefelt. Den minste flåten har avgrensa rekkevidde, og kan ikkje lettvint fiska andre stadar.

Bygging av vindmøller i dette området vil vera øydeleggande for fiskerinæringa, og spesielt for den minste flåten. Redusert fangst har sjølvsagt òg negative ringverknadar for lokale fiskemottak, og lokalsamfunna i området.

Pelagisk Forening meiner difor at det ikkje bør byggast vindmøller i området.

Sørlege Nordsjøen II

Område som blir foreslått avsett til vindkraftanlegg er på nesten 2600 km2, og ligg omlag 140 kilometer frå kysten.

Området er mykje brukt til fiske, med nót, etter nordsjøsild og hestmakrell. Området er òg brukt til fiske etter kvitfisk og botnfisk. Området er òg eit viktig tobisfelt.

Tobis er ein «nøkkelart», då tobis er svært viktig mat for andre artar. Tobis svært sårbar. Dette fordi dette fiskeslaget har store krav til botnkvalitet, og gyt, og lever på same område.

Tobis er særs viktig for den pelagiske trålflåten, og for mjøl- og oljeindustrien på Sør- og Vestandet. Såleis er tobis viktig for oppdrettsnæringa.

Forslaget er katastrofalt for fiskerinæringa på Sør- og Vestlandet.

Pelagisk Foreining meiner at vindmøllene må plasserast slik at dei påfører fiskerinæringa minst mogeleg ulempe, og at det vil redusera interessekonfliktane mellom næringane. Me ber difor om at vindmøllene blir flytta i samsvar med eventuelle konkrete innspel frå fiskerinæringa.

Pelagisk Foreining ber såleis om at konsekvensutgreiinga handsamar moglegheita for å flytte installasjonen i tråd med eventuelle forslag frå fiskerinæringa, jf. petroleumsforskrifta § 22 a første ledd, som seier at ei konsekvensutgreiing «skal» gjera greie for verknadane utbygginga har for næringsmessige tilhøve.

Vidare seier § 22 a første ledd bokstav a at konsekvensutgreiinga «skal» skildra alternative utbyggingsløysingar.

Me viser òg til havenergilova § 4-1, 2. ledd som seier at «Ved opning av areal etter § 2-2, og ved konsesjon eller godkjenning av detaljplan etter §§ 3-1 og 3-2, skal det i saksframlegget eller i vedtaket gå fram korleis konsekvensutgreiingane og innkomne fråsegner er vurderte, og kva dei har hatt å seie for avgjerda.»

Me meiner at det ikkje kan utelukkast at justering av plassering vil redusera ulempene for fiskerinæringa, og at dette må vurderast i konsekvensutgreiinga.

Det må òg vera mogeleg å tråla over kablane.

I konsekvensutgreiinga må det òg vera konkrete forslag om sikkerheitssoner/forbodssoner, slik at fiskerinæringa kan ta stilling til konkrete forslag.

Pelagisk Forening viser til havenergilova § 6-1. «Ved nedlegging av energianlegg skal anlegget fjernast, med mindre departementet fastset noko anna.» I eventuelle konsesjonsvedtak må utbyggjarar påleggast å fjerna anlegg når dei ikkje lengre leverer straum.