Auka kvotar for torsk og hysa
Den 22. februar skreiv Pelagisk Forening brev til NFD, og bad om at den såkalla «tredjelandskvoten» blei frigjeve.
Tidlegare år har «tredjelandskvoten» blitt fordelt ved årsskiftet. I år føretrakk NFD, av ukjent grunn, å halda att dette kvantumet. For torsk er kvantumet 6 259 t. For hysa er kvantumet 2 375 tonn.
Det er gledeleg at NFD no har fordelt desse kvanta på den norske flåten.
Kvotereduksjonen, frå 2017 til 2018, var dramatisk. Fordelinga av «redjelandskvoten» utgjer ca. 2 %, og er kjærkommen for flåten.
Pelagisk Forening har tatt til orde for at kystgruppa over 27 meter burde fått ein relativt større del av kvantumet. Dette fordi denne gruppa har hatt den største nedgangen, både relativt og i faste tal.
Slik blei det diverre ikkje. Kvanta er fordelt etter «etablerte fordelingsnøkler».
For seinare år bør tredjelandskvoten fordelast ved årsskiftet, slik det har vore vanleg.
Link her.