Publisert: 27. okt. 2025

Ny oppmoding om dispesasjonf frå forbod mot å fiska nvg innanfor fjordlinjene

SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ FORBOD MOT Å FISKA NVG

INNAFOR FJORDLINJENE, JF. UTØVINGSFORSKRIFTA § 33F

SØRØYSUNDET OG KVÆNANGEN

Pelagisk Forening viser til opninga av deler av Sørøysundet, jf. J-181-2025. Forskrift om midlertidig åpning for fiske etter norsk vårgytende sild med not innenfor fjordlinjene i et område i Sørøysundet.

Pelagisk Foreing takkar for at direktoratet opna deler av Sørøysundet.

Pelagisk Forening har medlemmar som melder om at det er vesentlege mengder med nvg-sild innanfor dei «nye» fjordlinjene Sørøysundet. (Sjå J-181-2025.)

For å redusera risikoen for at norske fiskarar ikkje får fiska sildekvotane sine , og for å redusera forbruk av bunkers/ utslepp av klimagassar, ber Pelagisk Forening med dette om at alle fartøy over 15 meter får dispensasjon for fiska nvg-sild innanfor dei «nye» fjordlinjene i Sørøysundet. Dvs. i heile Sørøysundet.

Pelagisk Forening ber òg om det same for Kvænangen.

Dette så snart som mogeleg.

Det kan nemnast at den siste tida er sild fiska utanfor fjordlinjene mindre enn silda innanfor fjordlinjene. I eit mijøperspektiv er det best å fiska den største silda. Det talar òg for opning av fjordlinjene.

Me viser til utøvingsforskrifta § 33 f, 7. ledd som seier at:

«Fiskeridirektoratet kan gjennom forskrift gjøre unntak fra forbudet i første ledd i bestemte fiskerier for bestemte fartøygrupper i bestemte områder for et bestemt tidsrom, i særlige tilfeller når det vurderes å være nødvendig for praktisk gjennomføring av fisket og det er vurdert forsvarlig ut fra biologiske og økosystembaserte betraktninger. I denne sammenheng skal Havforskningsinstituttets vurderinger tillegges stor vekt

Pelagisk Forening meiner at lite nvg-sild utanfor fjordlinjene gjer at vilkåret «nødvendig for praktisk gjennomføring av fisket» er oppfylt.

Sildefisket skjer ikkje på grunt vatn, men i opne farvatn. Det er såleis lite sannsynleg med vesentleg innblanding av torsk eller anna bifangst. Pelagisk Forening meiner difor at vilkåret «vurdert forsvarlig ut fra biologiske og økosystembaserte betraktninger» er oppfylt, men ber om at Fiskeridirektoratet eventuelt avklarar dette med Havforskingsinstituttet.

Me viser òg til utøvingsforskrifta § 33f, 8. ledd der ordlyden klart viser at lovgjevar har meint at Fiskeridirektoratet skal ha høve til å gje dispensasjon for fartøy over 28 meter til å fiska nvg-sild innanfor fjordlinjene.

Me ber om direktoratet gjer dei naudsynte tiltaka for å gje flåten over 15 meter dispensasjon til å fiske etter nvg-sild innanfor fjordlinjene. Me er takksame for eit snarleg svar.