Publisert: 14. des. 2021

Høring - opptak og bruk av informasjon om bunnforhold

Pelagisk Forening har sendt følgende høyringssvar.

Pelagisk Forening har forståing for at myndigheitene ønsker å sikra kontroll over sikkerheitsgradert informasjon, og unngå at sensitiv informasjon kjem i urette hender. Me har såleis forståing for at somme område må skjermast av omsyn til riket sin sikkerheit. T. d. militære område, og område med skjermingsverdige objekt. Forskrifta er diverre utforma slik at behov for kartlegging i det alt vesentlege er styrt ut frå eit sikkerheitsperspektiv. Pelagisk Forening meiner at fiskeriomsyn bør tilleggas større vekt.

Pelagisk Forening er såleis uroa over forslaga, og meiner at forslaga vil kunne få store negative konsekvensar for fiskerinæringa. Endringsforslaga vil truleg endra ein praksis, for bruk av utstyr, som fiskerinæringa er heilt avhengige av. Dette vil ha store negative verknadar for

store deler av den norske fiskeflåten.

I følge høyringsnotatet gjev ikkje lova klar rettleiing om kva type teknologi som er, eller vil bli, omfatta av forbodet. Heller ikkje bruk av ekkolodd og sonar på fiskefartøy. Det synest å bli lagt opp til at nærare reglar, om kva teknologiske løysningar som er forbode, skal kunne gjevast i rettleiarar til forskrifta. Pelagisk Forening meiner at forbodsreglar ikkje skal gjevast i rettleiarar. Fiskarane har behov for, og krav på, at å veta kva som er lovleg, og kva som er ulovleg. Pelagisk Forening meiner det må unngåast å laga reglar som i røynda er slik at ei heil yrkesgruppa blir kriminalisert. Pelagisk Forening stiller òg spørsmål ved om «metodikken» med straffbare forbodsreglar i rettleiarar er i samsvar med legalitetsprinsippet.

Bruk av ekkolodd, sonar, og kartplottesystem er svært viktig for fiskeflåten, og har vore det i fleire tiår. Desse instrumenta blir brukt for sikker navigasjon, og førebygging av ulykker, men òg for å unngå tap av reiskap/bruk, og for å unngå ikkje naudsynte skadar på marint liv som t. d. korallar. Instrumenta blir såleis brukt for å driva eit best mogleg, og effektivt fiskeri, og for å unngå uønska bifangst. Bruk av gode data av sjøbotn fører òg til betre drivstofføkonomi, og reduserte utslepp av klimagassar. I ytste konsekvens kan forslaget setja fiskerinæringa mange tiår tilbake, og føra til tap av arbeidsplassar, og reduserte eksportinntekter.

Me viser òg til lov om rett til miljøinformasjon og deltakelse i offentlige beslutningsprosesser av betydning for miljøet § 1. «Denne loven har til formål å sikre allmennheten tilgang til miljøinformasjon og derved gjøre det lettere for den enkelte å bidra til vern av miljøet, å verne seg selv mot helse- og miljøskade og å påvirke offentlige og private beslutningstakere i miljøspørsmål. Loven skal også fremme allmennhetens mulighet til å delta i offentlige beslutningsprosesser av betydning for miljøet.»

Det synest klart at forslaga vil gjera fiskeri vesentleg mindre miljøvennleg, jf. ovanfor. Pelagisk Forening stiller difor spørsmål ved om forslaget er i strid med miljøinformasjonslova.

Det er vanskeleg å sjå at endringsforslaga kan gjennomførast utan større vurderingar av konsekvensane. Fiskarane burde òg blitt involvert på eit mykje tidlegare tidspunkt.

Pelagisk Forening meiner at utstyr for leiting etter fisk må bli unntatt frå forbod mot

innhenting, lagring og bruk av data om sjøbotn, og at fiskerinærings kan bruka naudsynt utstyr slik som i dag.

Pelagisk Forening vil òg nemna at vanlege fiskefelt mest truleg alt er utførleg kartlagt. Fiskefelt der utlendingar har lov til å fiska er truleg òg alt kartlagt av utanlandske skip. Det blir difor stilt spørsmål ved effekten av forslaget i høve til forsvarsevne.

Pelagisk Forening meiner at det ser ut som om det ikkje er gjort nokon analyse av forslaget sine konsekvensar for samfunnet. Det er sjølvsagt ein svakheit.

Høyringsnotatet punkt 4.2.3 seier at «I samband med utarbeidinga av sjølve lova, la departementet til grunn at utstyr brukt til leiting etter fisk, og til sikker navigasjon, ikke vil ta opp eller bruke informasjon innanfor nemnte sikkerheitsgradering. Brukt på ordinær måte vil opptak, og bruk av informasjonen, truleg ikkje vera omfatta av forbodet.»

I så fall var intensjonen å unnta vanleg fiskeri frå forbodet i lova. Det same bør koma fram i forskrifta.