Publisert: 11. mar. 2022

Møtet med Skjæran

I dag har PF vore på møte med fiskeri- og havminister Skjæran. Temaet for møtet var vinterfisket.

PF tok opp loddefisket og den dramatiske auken i bunkersprisar, og auke i CO2 avgifta. Dette gjer at nokre fiskeri rett og slett ikkje går i hop økonomisk.

Det er såleis viktig at myndigheitene har fokus på dette. Loddefisket i Barentshavet er òg i full gang og det er observasjonar om store mengder lodda, og det må forskast meir for å få ein rett kvote.

PF tok òg opp komande kyststatsforhandlingar, og gav uttrykk for at det er viktig med sonetilgangar i farvatna til Island og UK. PF tok òg opp at PF har bede NFD og UD om råd angåande fiske i russisk sona, utan å få svar. Noko som òg er omtalt i Dagbladet i dag.

Ministeren understreka at fiskerisamarbeidet, med Russland, ikkje er omfatta av sanksjonar, og at Noreg ikkje innfører sanksjonar på eiga hand.