Publisert: 14. jan. 2022

Loddefiske ved Island

Det er snart loddefiske ved Island. Fiskeperioden er såpass kort at dersom ein båt får koronasmitte om bord kan det medføra at fartøyet ikkje får fiska opp kvoten sin.

Dette leier til fira spørsmål:

  1. Kan reiarlag pålegga mannskap å ta koronavaksine?
  2. Kan reiarlag spørja mannskap om dei er vaksinerte og/eller krevja dokumentasjon på at mannskap er vaksinert?
  3. Kan reiarlag nekta å ta med mannskap som nektar å opplysa om han er vaksinert eller ikkje?
  4. Kan reiarlag sei opp mannskap som nektar å opplysa om han er vaksinert eller ikkje?

1)

Alle har råderett over sin eigen kropp. Ingen kan såleis påleggast å ta vaksine. Dette er sikker rett.

2)

Det klare utgangspunkt er at om ein er vaksinert eller ikkje er personopplysning som ein ikkje pliktar å dela med andre. Hovudregelen er altså at reiarlaget ikkje kan spørja mannskap om dei er vaksinerte.

Det må vera ein lovheimel for at reiarlag (arbeidsgjevar) skal kunne krevja dokumentasjon på at mannskap (arbeidstakar) er vaksinert.

Skipsarbeidslova § 9-1.Kontrolltiltak seier at

(1) Rederiet kan bare iverksette kontrolltiltak overfor den som har sitt arbeid om bord, når tiltaket har saklig grunn i arbeidsforholdet og det ikke innebærer en uforholdsmessig belastning for arbeidstaker.

(2) Rederiet plikter så tidlig som mulig å drøfte behov, utforming, gjennomføring og vesentlig endring av kontrolltiltak i virksomheten med de tillitsvalgte.

Ved innreise til Island opplyser den norske regjeringa (per 3. januar)  at «Alle tilreisende til Island må registrere seg digitalt før ankomst. Det gjør man via helsedepartementets nettsider. Hvis du er fullvaksinert, slipper du karantene ved å vise fram en vaksinasjonsattest. Har du hatt covid-19-infeksjon nylig, kan du slippe karantene ved ankomst, hvis du viser fram en attest på gjennomgått covid-19. Her står det mer om krav til attestene. Uvaksinerte må i karantene.»

Les meir her: https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/reiseinformasjon/velg-land/reiseinfo_island/id2414936/?expand=factbox2858683

Per i dag er det altså slik at dei som ikkje kan legga fram dokumentasjon på vaksine må i karantene. I så fall kan båten risikera å vera utan mannskap.

Eg meiner at dette er ein sakleg grunn for at reiarlaget kan krevja opplyst om mannskap er vaksinert eller ikkje, og at byrda ikkje er stor for den det gjeld.

Eg poengterer at dette er juridisk «upløyd mark», og at domstolane, og andre, kan meina noko anna.

Eg poengterer òg at reiarlaget pliktar å drøfta dette med mannskapet/tillitsvalde så tidleg som mogeleg før eventuelle tiltak.

Det kan ikkje utelukkast at Island har unntak for karanteneplikt for skipsmannskap som ikkje går på land, eller ikkje har folk frå land om bord i båten, men det kan fort oppstå situasjonar der mannskap må på land. T.d. i høve til mannskapsskifte, legebesøk, bøting av fiskebruk, verkstadopphald eller liknande.

Dette er altså ei vurdering av kryssande omsyn. Det er ikkje slik at det at arbeidsgjevar kan tenkast å risikerer å li eit økonomisk tap gjev rett til kontrolltiltak mot mannskap.

3)

Reiarlaga pliktar å ha eit trygt og godt arbeidsmiljø for heile mannskapet. Som kjent bur ein tett på ein båt og det kan vera vanskeleg, eller uråd, å ha tilstrekkeleg smittevern.

Uvisse om alle i mannskapet er vaksinert eller ikkje kan såleis vera ei stor belastning for resten av mannskapet, og kan føra til store økonomiske tap for reiarlag og mannskap.

(For mannskapet pga. lottsystemet.)

Manglande vaksinering kan òg føra til at andre blir alvorleg sjuke.

Eg meiner difor at manglande vaksinering kan vera sakleg grunn til at mannskap kan nektast å bli med på loddefiskeriet. Eg presiserer igjen at dette er juridisk uklårt.

4)

Stillingsvernet er sterkt i Noreg. Tilsette kan berre seiast opp når det er eit tilstrekkeleg sakleg grunnlag. Generelt er det likevel ikkje utenkeleg at ein arbeidsgjevar kan sei opp ein arbeidstakar som nektar å opplysa om han er vaksinert eller ikkje. Eg tvilar likevel sterkt på at manglande vaksinering, eller nekting av å opplysa om ein er vaksinert, er sakleg grunn til oppseiing frå stilling på ein fiskebåt.

Problemstillingane ovanfor gjeld sjølvsagt òg ved fiske/landing i fleire land enn Island.

Merk òg at islandske myndigheiter stiller krav om at skipper må svara på spørmål i eit skjema. Eit skjema som må leverast seinast 24 timar før båten går til islandsk hamn.

(Skjema, og info, er sendt til medlemmane.)

I skjema er det spørsmål om nærkontakt med folk med covid, symtom etc.

Det kan spørast om kravet, frå islandske myndigheiter, medfører at reiarlaget får ei lovfesta rett til spørja mannskapet om helseopplysningar.

Eg meiner at det ikkje er tilfelle. Dette fordi skjemaet nyttar formuleringa «to the best of your knowledge …»

Skipper må altså opplysa om det han kjenner til, men skjemaet pålegg ikkje skipper ei undersøkingsplikt.  


Ask Økland