Publisert: 10. aug. 2021

PF ber om å få fiske makrell innen for fjordlinjene i Møre og Romsdal

Me viser til vårt brev av 5.5.21, der me bad om dispensasjon for forbodet mot å fiska makrell med nót innanfor fjordlinjene. Dette p. g. a at manglande avtale med UK gjer det særs utfordrande for norske fiskarar å fiska makrellkvotane sine i år.

I sitt mellombels svar av 7.5. skriv direktoratet m.a. at det “er det fint om de tek kontakt når de tenkjer at det er mogleg å gjere ei vurdering ut frå dei punkta me har nemnt.

Pelagisk Forening har medlemmar som melder om større mengder makrell i fjordane i Møre og Romsdal. Samstundes er det dårleg fiskeri utanfor fjordlinjene.

Pelagisk Forening ber difor om at direktoratet gjer ei snarleg vurdering av om det er grunnlag for å gje dispensasjon frå forbodet, for båtar over 28 meter, mot å fiska makrell med nót innanfor fjordlinjene i Møre og Romsdal.

Me viser til utøvingsforskrifta § 33 f, 7. ledd som seier at: «Fiskeridirektoratet kan gjennom forskrift gjøre unntak fra forbudet i første ledd i bestemte fiskerier for bestemte fartøygrupper i bestemte områder for et bestemt tidsrom, i særlige tilfeller når det vurderes å være nødvendig for praktisk gjennomføring av fisket og det er vurdert forsvarlig ut fra biologiske og økosystembaserte betraktninger. I denne sammenheng skal Havforskningsinstituttets vurderinger tillegges stor vekt

Pelagisk Forening meiner manglande soneadgang i UK, og dårleg fiskeri utanfor fjordlinjene, gjer at det klart at vilkåret «nødvendig for praktisk gjennomføring av fisket» er oppfylt.

Makrellfiske med nót skjer ikkje på grunt vatn, men i opne farvatn. Det er såleis lite sannsynleg med vesentleg innblanding av torsk eller anna bifangst. Pelagisk Forening meiner difor at vilkåret «vurdert forsvarlig ut fra biologiske og økosystembaserte betraktninger» er oppfylt, men ber om at Fiskeridirektoratet avklarar dette med Havforskingsinstituttet.

Dispensasjon er truleg forsvarleg i høve til biologisk og økosystem, men dette må sjølvsagt avklarast med Havforskingsinstituttet.

Pelagisk Forening ber om direktoratet gjer dei naudsynte tiltaka for å gje flåten dispensasjon, og er takksame for eit snarleg svar.