Publisert: 9. mai 2021

Seismikk i NØS

Det er planlagt mye seismisk aktivitet i NØS i år. Vi har rettet bekymringsmelding til Oljedep, NFD, fiskeridirektorat og  til utøvende selskap.

Pelagisk Forening er kjent med at det er gitt løyve til mange seismiske undersøkingar i norsk økonomisk sona i 2021.

Som kjent kan seismikk føra til store problem for norske fiskarar. Dette enten i form av areal- konflikt når seismikkskytinga skjer, eller ved at fisken blir skremt bort frå fiskefelta, eller ved skade på marint liv. Fisk kan òg blir skremt bort frå norsk økonomisk sona (NØS).

I 2021 er denne situasjonen vesentleg meir kritisk enn tidlegare år. Dette fordi det ikkje er inngått fiskeriavtale mellom Noreg og UK. I motsetnad til tidlegare år har norske fiskarar så- leis ikkje høve til å fiska i UK si fiskerisona. Tidlegare har norske fiskarar fiska vesentlege deler av makrell- og nordsjøsildkvotene sine i UK si sona. Det kan nemnast at dei siste tre åra har norske fiskarar fiska over 90 % av kvotane sine utanfor norsk økonomisk sona. I år må desse kvotane fiskast i norsk økonomisk sona.

I år har altså fiskeflåten eit vesentleg mindre/innskrenka område å fiska kvotane på, sett i høve til tidlegare år.

Dei komande månadane tyder såleis alt på at det vil bli vesentleg større fiskeriaktivitet i norsk økonomisk sona.

Det kan òg nemnast at vanlegvis er det vanskeleg for norske fiskarar å ta heile nordsjøsild- kvoten i norsk økonomisk sona. Når fiskebåtane ikkje har tilgang til UK si sona må dei fiska i NØS. Det vil òg føra til større fiskeriaktivitet i NØS.

Biologisk er det slik at det er vanskelegare å fiska desse kvotane i NØS, enn kva det er i UK si sona. Når norske båtar må fiska kvotane i område med vanskelegare tilgang vil det føra til meir leiting etter fisk, og fleire fiskedøgn. Det vil kunne førar til fleire konfliktar med seis- mikkfartøy.

Me vil òg gjera merksam på havressurslova § 24. Reglar om aktsemd
«Den som kjem til haustingsfelt der reiskapar er sette ut, skal gjere seg kjend med kvar rei- skapane står. Alle skal fare fram slik at haustingsreiskapar ikkje vert skadde eller utsette for fare.

Det er forbode å hindre eller øydeleggje høvet til hausting med skyting, støy eller anna util- børleg framferd.»

Me gjer òg merksam på § 61. Brot på reglar om gjennomføring av hausting og orden på haus- tingsfeltet

«Den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner som er fastsette i eller i medhald av §§ 15, 16 andre ledd og 18 til 24, vert straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år dersom tilhøvet ikkje kjem inn under strengare straffeføresegner

Det er såleis klart at seismikkfartøy har ansvar for å unngå konfliktar med fiskefartøy.