Publisert: 15. nov. 2017

Klager på vedtak om ervervsløyve til Gunnar Klo as

Pelagisk Forening viser til Nærings- og fiskeridepartementets vedtak av 6.10.17. I vedtaket fekk Gunnar Klo AS løyve til erverv av aksjemajoriteten i Fugløyskjær AS. Selskapet eig kystfiskefartøyet ”Morgenstjerne” N-27-Ø. Fartøyet er 14,96 meter, og har løyve til å fiska hysa, torsk og sei.

Pelagisk Forening meiner at foreininga har rettsleg klageinteresse. Dersom Pelagisk Forening har rettsleg klageinteresse er dette brevet ein klage på ovanfor nemnte vedtak.

Dersom Pelagisk Forening ikkje har rettsleg klageinteresse, blir det bede om at dette brevet blir handsama som ei oppmoding om å endra ovanfor nemnte vedtak, jf. forvaltningslova § 35, 1. ledd bokstav c.

Deltakarlova §6, 2. ledd seier at «For selskap eller sammenslutning kan ervervstillatelse bare gis dersom personer som oppfyller kravet i første ledd innehar mer enn 50 pst. av eierinteressene og faktisk har tilsvarende kontroll over virksomheten

Etter 3. ledd kan NFD gje unntak «i særlig tilfelle, når næringsmessige og regionale hensyn tilsier det, ved enkeltvedtak gjøre unntak fra kravet i første og annet ledd om tidligere aktivitet i fiske eller fangst. Kongen kan ved forskrift gjøre unntak fra kravet om tidligere aktivitet, herunder for fartøy under en viss størrelse.» (Understreking her.)

Pelagisk Forening meiner at Gunnar Klo AS ikkje oppfyller dei strenge vilkåra for dispensasjon.

I følje NFD er det lagt vekt på at leveransane, frå fartøyet er «svært viktig» for verksemda. Dette er neppe korrekt.

I følje vedtaket kjøpte Gunnar Klo AS ca. 7 500 tonn kvitfisk i 2016. I følje Fiskeridirektoratethar «Morgenstjerne» levert ca. 293 tonn torsk, hysa og sei i 2016. Leveransane frå «Morgenstjerne» utgjer ca. 3,9 % av leveransane til Gunnar Klo AS.

«Morgenstjerne» sin del av leveransane til Gunnar Klo AS er såleis så liten at vilkåret «i særlig tilfelle» vanskeleg kan seiast å vera oppfylt.

Vilkåret «når næringsmessige og regionale hensyn tilsier det» er truleg heller ikkje oppfylt.

Mest truleg har ikkje NFD rettsleg høve til å gje dispensasjonen. Konsekvensen bør difor vera at løyvet er ugyldig.

I forarbeida, Ot. prp. nr. 67 1997-1998, står det mellom anna at «Dispensasjon for å eie fartøy i andre deler av havfiskeflåten, må kun gis når det ikke finnes aktive fiskere innenfor samme distrikt som kan overta fartøyet, og fartøyet derved står i fare for å bli solgt ut av distriktet.» (Understreking her.)

Det same må gjelda for kystfartøy. Øksnes kommune har betydeleg fiskeriaktivitet, og det finst andre aktive fiskarar i kommunen. Forarbeida nyttar ordlyden «innenfor samme distrikt», og det talar for at område større enn sjølve kommunen bør vera med i vurderinga. Forarbeida talar såleis for at dispensasjon ikkje bør gjevast.

Fartøyet er under 15 meter, og fiskar hovudsakleg torsk. Fartøy på denne storleiken fiskar kystnært. Det tyder på at fartøyet vil fiska, og landa, råstoffet i området uansett kven som eig fartøyet. Råstofftilgang er heller ikkje mangelfull i dette distriktet. Tvert om.

I tillegg til at vedtaket truleg er eit brot på deltakarlova, vil vedtaket òg kunne føra til ulike konkurransetilhøve for fiskeforedlingsindustrien i området. Dette fordi eit mottak vil vera sikra leveransar, og andre mottak ikkje.

Vedtaket vil òg føra til ulik konkurransevilkår mellom fiskebåtane. Dette fordi «Morgenstjerne» vil vera sikra å få selt sin fisk når det er mykje fisk i marknaden.

Etter Pelagisk Forening sitt syne oppfyller ikkje Gunnar Klo AS vilkåra i deltakarlova § 6, 3. ledd. Pelagisk Forening meiner at vedtaket er i strid med deltakarlova, og såleis er ugyldig.

Pelagisk Foreining ber difor om at NFD gjer om vedtaket, jf. forvaltningslova § 35, 1 ledd bokstav c.

Pelagisk Forening er ikkje kjent med liknande dispensasjonsvedtak tidlegare.

Vedtaket rokkar med prinsippet om at det berre er aktive fiskarar som skal få eiga fiskefartøy. Eit prinsipp som bidrar til at folk som lev, og har si verksemd, ved kysten, og difor er mest avhengig av fiskeri òg disponerer retten til å hausta av fiskeressursane. Haustingsretten bør ikkje kunne overførast til aksjeselskap, investorar eller aktørar som ikkje tilfredsstiller aktivitetskravet. I dag er kjøpar eit lokalt eigd familieselskap. Om nokre år kan det aktuelle aksjeselskap vera kjøpt opp av større aktør, som ikkje har den naudsynte tilknytinga til kysten og lokalsamfunnet. Dette kan vera svært negativt på sikt.

Vedtaket er såleis prinsipielt, og vil kunne danna negativ presedens.

Pelagisk Forening ser at det òg kan argumenterast for at det bør takast omsyn til seljar og kjøpar av fartøyet.

Dersom det er uråd å gjera om vedtaket, meiner Pelagisk Foreining meiner at det er eit absolutt minimum at NFD syta for at det ikkje blir gjeve fleire slike dispensasjonar. Dette for å unngå at vedtaket dannar presedens.