Publisert: 1. feb. 2023

Havdeling

PF har svart på høyring om havdeling. I høyringa blir det m. a. foreslått å forby båtar over 21 m å fiska torsk innanfor grunnlinjene, og båtar over 28 meter å fiska torsk innanfor firemila. Det er òg foreslått at berre båtar under 11 meter skal ha lov til å fiska torsk innanfor fjordlinjene. (Ned frå 15 meter.)

Det er òg forslag om auka minstemål, redusering av mengde bruk m.m.

Pelagisk Forening har forståing for at biologiske tilhøve kan gjera det naudsynt med redusert fiske. Pelagisk Forening har meiner likevel at fleire av forslaga ikkje er grunngjeve i biologiske tilhøve, men næringsinteresser.

Fleire av forslaga vil få svært negative konsekvensar for medlemmar. Pelagisk Forening har difor levert høyringssvar der foreininga går i mot fleire av forslaga.

Dette gjeld m.a. forslaga om å forby båtar over 21 m å fiska torsk innanfor grunnlinjene, og båtar over 28 meter å fiska torsk innanfor firemila.

Forslaga kan òg ha dramatiske verknadar for landanlegg, som kan mista råstoff. Dette spesielt i Aust-Finnmark.