Mineralutvinning på havbotn

Forslag til program for konsekvensutgreiing etter havbotnminerallova

Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 12. Januar 2021.

Innleiing

Pelagisk Forening er ein interesseorganisasjon for fiskebåtreiarar. Medlemmane er fiskebåtreiarlag. Medlemmane driv fiske med havgåande fartøy, og fiskar i heile Nordsjøen, Norskehavet, og Barentshavet, og i våre naboland sine soner.

Mineralutvinning på havbotnen kan ha stor konsekvens for våre medlemmar. Dette både i form av arealkonfliktar, og ved eventuell forureining. Mistanke om eventuell forureining kan òg får store negative marknadsmessige konsekvensar for eksport av sjømat fiska av norske fiskefartøy. 

Pelagisk Forening er einig i forslaga om at miljøverknadar, mogelege avbøtande tiltak, og at verknadane for andre næringar og mogelege avbøtande tiltak skal vera hovudtema for utgreiinga.

Forureining

Eventuell forureining må unngåast. Så enkelt er det. Dersom forureining først skjer vil det vera svært dyrt, og vanskeleg, å gjera såkalla “avbøtande tiltak”.

Dersom det oppstår mistanke om at norsk sjømat er forureina vil berre ryktet ha store negative konsekvensar for omdømmet til norsk sjømat. Det vil kunne føra til negative økonomiske konsekvensar for norske fiskarar, men òg for landindustrien.

Dersom forureining ikkje kan unngåast må mineralutvinning ikkje skje.

Arealkonfliktar. Omsynet til fiskeri må gå føre omsynet til mineralutvinning.

Det er viktig å vera klar over at fiskarane ikkje har alternativ til å fiska fisken andre stadar enn der fisken faktisk er. Å fiska andre stadar er såleis ikkje noko “avbøtande tiltak”.

Det er òg viktig å vera klar over at naturen endrar seg, og det gjer fisken sitt vandringsmønster òg. I konsekvensutgreiinga må det difor takast om syn til at havområde der det ikkje er fiskeri i dag, kan bli gode fiskefelt om nokre år.

Krav til program for konsekvensutgreiing

Føre var-prinsippet må gjelda.

På side 16 står det at “I motsetning til mye annen aktivitet til havs forventes de aktuelle områdene for mineralvirksomhet å ligge langt fra kysten. Kartlegging av mineralressurser forventes å kunnegjennomføres uten vesentlig påvirkning på andre aktiviteter som fiskerier, skipsfart, petroleumsvirksomhet og fornybar energiproduksjon.

Norske fiskebåtar fiskar i heile norsk den norske økonomiske sona, så sant det er lønsame fiskeri. Lang avstand frå fastlandet medfører såleis ikkje at mineralutvinning ikkje er til ulempe for fiskeflåten.

Det synest som om det blir lagt til grunn at mineralane er på store djup. Tradisjonelt fiskeri skjer vanlegvis på område grunnare enn ca. 300 meter. Det kan tyda på at det det ikkje er nokon arealkonflikt med fiskerinæringa.

Det er likevel viktig å vera klar over at dei siste 4-5 åra har det blitt gjort forsøksfiske etter mesopelagiske artar. Dette fisket skjer ned til ca. 800 meters djup, og det er gode utsikter til at dette fiskeriet kan bli ei stort fiskeri. Difor må det vera eit føre var prinsipp òg i høve til arealkonfliktar.

Fiskarane si erfaring med oljenæringa har vist at det er minst like store konfliktar i høve til leiting, som i høve til produksjon.

Erfaring viser òg at fiskerinæringa ofte har blitt overkøyrt av petroleumsnæringa.

I konsekvensutgreiinga må det såleis stillast klare krav til at mineralnæringa må ta omsyn til fiskeri både i leite- og produksjonsfasane.

Spesielt må det takast om syn til gyte- og oppvekstområde, og til særleg sårbare område.

Pelagisk Forening har ikkje innvendingar til at konsekvensutgreiingsprosessen blir gjennomført i tre fasar. programfase, utgreiingsfase og rapporteringsfase.

Pelagisk Forening er òg einige i at sak om opning av nye område for mineralutvinning må på ny høyring før avgjer blir tatt. Pelagisk Forening meiner òg at om løyve blir gitt, så skal løyvet berre gjelda for maksimalt tre år, og ikkje kunne fornyast utan etter ny høyring.

Avslutning

Pelagisk Forening ber om at konsekvensutgreiingar må innehalda grundige vurderingar av

verknadane for fiskerinæringa. Dette både med tanke på eventuelle miljøforureiningar, og  omdømmet til norsk sjømat ved mistanke om eventuell miljøforureining. Konsekvensutgreiingar må òg avklara verknadane for fiskerinæringa om fiskefartøy blir fortrengt frå havområde. Dette både med tanke på økonomi, og miljøkonsekvensane ved å bruka meir drivstoff for å måtte gå lengre for å fiska kovotane.