Høringssvar- fiskal avgift

PF har sendt følgende høringssvar vedrørende fiskal avgift:

Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 4.2.21.

Pelagisk Forening er ein interesseorganisasjon for fiskebåtreiarlag. Medlemmane driv havgåande fartøy i gruppene ringnot, pelagisk trål og stor kyst. De kan lesa meir på www.pelagisk.net

Som nemnt til Skatteetaten tidlegare så ber Pelagisk Forening om å bli oppført som høyringsinstans i alle høyringar som kan ha verknad for fiskerinæringa.

Pelagisk Forening er sterkt imot avgifta

Pelagisk Forening er sterkt i mot at denne avgifta blir innført. Pelagisk Forening meiner at forslaget må òg sjåast i samanheng med andre avgifter. Samla avgiftstrykk, med mellom anna særavgifter som forskingsavgift, kontrollavgift m. fl., er no så stort at det ikkje er rom for fleire avgifter!

Fiskeri medfører så mange positive ringverknadar i distrikta, og fiskerinæringa betalar alt ei ressursrenteavgift. Det samla avgiftstrykket er no så stort at avgifta vil få store negative konsekvensar for både fiskarar, fiskemottaka og distrikta.

Avgifta vil òg svekka fiskarane si emne til innovasjon, konkurranseevne med utanlandske fiskarar, og omstilling til meir miljøvennlege båtar.

Pelagisk Forening er klar over at avgifta er omtalt i stortingsmelding 32 (2018–2019) Et kvotesystem for økt verdiskaping. Dette høyringssvaret omhandlar detaljar ved eventuell innføring av avgifta.

Merknadar til detaljar i høyringsforslaget

Om avgift først skal innførast, og med det politiske mål å gje 100 mnok per år i statskassa finn Pelagisk Forening det underleg at berre norskregistrerte fartøy skal få plikt til å betala avgift. Det vil vera betre om alle fartøy som fiskar i norske farvatn får plikt til å betala avgift. Slik som det er lagt opp vil utanlandske fartøy få eit konkurransefortrinn i høve til norske fartøy. Det talar òg mot å innføra avgifta. Etter kva me forstår har ikkje våre naboland rundt Nord-atlanteren ei liknande avgift. Når norske fiskebåtar får ei slik avgift svekker det norske fiskebåtar sin konkurranseevne, evne til innovasjon, evne til miljøtiltak m.m. Dette blir forsterka av at utanlandske båtar skal sleppa å betala avgift når dei fisker i norske farvatn.

Utanlandske båtar sin fangst fiska i utlandet bør ikkje vera omfatta av avgiftsplikt sjølv om fangsten blir landa i Noreg. Dette fordi det vil kunne føra til at norske fiskemottak får mindre råstoff. Pelagisk Forening er såleis einig i høyringforslaget på dette punktet.

Pelagisk Forening meiner òg at avgiftssatsen burde vore ein del av høyringa.

Pelagisk Forening er usamd i at avgifta blir innført etter slik at satsen blir fornya i det årlege statsskattevedtaket. All erfaring tilseier at då vil avgiftssatsen bli auka over tid.

Pelagisk Forening er einig i at det ikkje skal vera avgiftsplikt på fangst som blir inndrege etter forskrift om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar, men meiner at det same bør gjelda all inndraging av fangst der inndraging ikkje skuldast overlagt brot på fiskeriregelverk.

Om avgiftsplikt blir innført er det praktisk at avgiftsplikta oppstår ved signering av sluttsetel. Like eins at det er salslaga som får plikt til å innrapportera, og betala inn avgifta. Pelagisk Forening er såleis einig i at salslaga bør stå for berekning og inndraging av avgifta. Å innføra plikt for fiskarane til å vera avgifts- og registreringspliktig for avgifta vil medføra mykje ekstra administrasjon for fiskarane. Det vil vera ei for stor belastning, og spesielt for einbåtsreiarlaga.

Pelagisk Forening er kritisk til at avgiftssats ikkje er ein del av høyringsforslaget, men meiner at det er positivt at lagsavgifta går til fråtrekk i avgiftsgrunnlaget.

Fritak frå avgifta

Pelagisk Forening har ikkje innvendingar til forslaga om fritak frå avgifta, men meiner at rekrutteringsomsyn tilseier at ungdom som fiskar etter reglane om ungdomskvoteordning bør vera fritatt for avgiftsplikt. Det bør vera enkelt å utforma regelverket slikt at ungdom som fiskar på ungdomskvoteordning er fritatt for avgiftsplikt. Alternativt bør maksimalbeløpet, for ungdomsfiskeordninga, aukast tilsvarande.

Økonomiske konsekvensar

Pelagisk Forening saknar ein grundig konsekvensutgreiing av forslaget. Dette spesielt for konsekvensane avgifta har for fiskarane, reiarlag og leverandørar og kysten i Noreg. Ikkje minst sett i samanheng med det samla avgiftstrykket.

Fiskarane får betalt med lott. Dvs. at fiskarane deler fangstinntektene. Det er såleis ikkje berre fiskebåtreiarlaga som må betala avgift, men fiskarane vil òg få lågare inntekt.

Det står i høyringsnotatet at «Stortingets anmodningsvedtak legger til grunn 100 millioner kroner årlig i økt proveny. Avgiftssatsen vil tilpasses dette.» Det er såleis fare for at avgiftssatsen blir auka i dårlege tider. Pelagisk Forening vil åtvara mot dette. På sikt kan avgifta føra til at marginale fiskeri blir ulønsame, med dei negative konsekvensane det vil få.