Publisert: 25. jun. 2020

Høringssvar om rapportering av aktvitets- og posisjonsdata

P. t. har ikkje Pelagisk Forening medlemsfartøy under 15 meter. Pelagisk Forening går difor ikkje detaljert inn i forslaga for fartøy under 15 meter.

Pelagisk Forening meiner likevel at det bør spørjast om slike omfattande krav verkeleg er naudsynt. Krava blir òg innført for raskt.

Når det gjeld forslaget om at «systemet for fangst- og aktivitetsrapportering kan benyttes til å hente inn data om forbruk av drivstoff som grunnlag for en kompensasjonsordning som skissert av utvalget som har sett på klimatiltak og virkemiddel i fiskeflåten» er dette i utgangspunktet greitt dersom dette kan skje automatisk, og utan større kostnadar. Diverre er ikkje kostnadane med forslaget konsekvensutgreidd.

Fiskeridirektoratet foreslår at i melding om hamneavløp  (DEP) skal takast med kvantum og type drivstoff om bord. Dette av omsyn til kompensasjonsordning for co2-avgift. Pelagisk Forening meiner at det er for mykje med den nye kompensasjonsordninga som er uklårt til at dette kravet kan innførast.

Pelagisk Forening forstår det slik at høyringa inneheld forslag om at avgangsmelding (dep) skal sendast før avgang frå hamn, og ikkje seinast to timar etter avgang som i dag. Det ligg også i forslaget at dette skal gjelde for alle fartøy, utan omsyn til lengde. Pelagisk forening ser at forslaget kan gje ein vinst i høve til risikobasert kontrollverksemd for fartøy som driv svært kystnært fiskeri, men dette er fartøy som driv frå kjente hamner og skal fiska på kjente fiskefelt. Kontrollverksemd vil såleis uansett kunne arrangerast utan omsyn til sendetidspunkt for avgangsmelding.

Når det gjeld den havgåande flåten, men òg kystfartøy som ikkje fiskar svært kystnært (under to timars seglas frå hamn), vil ei slik innskjerping av rapporteringskrava medføre problem for flåten å rapportera korrekt.

Ofte, og særskilt i samanheng med pelagisk fiskeri, vil det ikkje være kjent kvar, eller kva type fiskeri ein skal drive før tidlegast to timar etter avgang frå hamna.

Forslaget vil såleis medføra auka behov for kansellering, og sending av nye meldingar. Dette blir ei ekstra belastning. Dette både for fiskarar som skal utøve meldingsflyten, men òg for kontrollmyndigheitene som skal nyttegjere seg meldingane.

Pelagisk Forening kan ikkje sjå at innskjerpinga vi medføre auka kontrollvinst, eller gje betre oversikt av fiskeriaktiviteten. Det vil derimot være ei betydeleg ekstra belastning for fiskarane, og pålegge mange krav om rapportering av data som svært ofte ikkje e kjente før avgang frå hamn.

Pelagisk forening vil òg minne om at bakgrunnen for den gjeldande totimarsregelen er at fiskarane skulle få tid til å kome seg klar av hamna før dei vert oppteken med rapporteringsoppgåver. Dette handlar både om navigasjonstekniske årsaker, og om at ein ofte treng litt tid til å orientere seg om fiskeriaktiviteten før ein har det rette grunnlaget for å kunne rapportere korrekt avgangsmelding. Pelagisk forening ber difor at dette forslaget ikkje blir vedteke.

I høyringsbrevet står det at «I dagens rapporteringsregime oppgis landingssted og tidspunkt for ankomst havn. I enkelte tilfeller vil tidspunktet selve landingen av fangst starter avvike vesentlig frå tidspunktet for ankomst havn. Dersom skipper også må rapportere tidspunktet landingen skal skje vil kontrollmyndighetene kunne operere mer effektivt ettersom for eksempel en fullkontroll av en landing krever at inspektører tilstede fra landingen starter. Dersom inspektør må ta utgangspunkt i det tidspunktet fartøyet kommer til havn kan det medføre venting og dødtid.»

Kontrollmyndigheitene må ta innover seg at fiskararane ofte ikkje har kontroll over når mottak startar sjølve landinga. Ved lengre avstandar, frå fiskestad til mottak, vil òg vêr og vind kunne påverka landingstidspunktet vesentleg. Dei minste fartøya er mest prisgitt vêr og vind.

Å pålegga fiskarar å oppgi tidspunkt for landing er difor ikkje ønskeleg.

Eit slikt pålegg, kombinert med straffetruslar, vil kunne medføra venting og daudtid for fiskarar. Forslaget vil kunne føra til dårlegare effektivitet og/eller dårlegare kvalitet.

Myndigheitene har alt tilgang til posisjonsdata for den største flåten, og vil få tilgang til posisjonsdata frå den minste flåten. Myndigheitene bør tilpassa kontrollane sine etter det. Forslaget bør difor forkastast.

Det er opplyst at myndigheitene «kun» mottek elektroniske fangst- og aktivitetsdata frå ca. 1/6 av den totale norske flåten. Det er sikkert korrekt, men målt i fangstvolum er talet eit heilt anna.

Når det gjeld «kravene til brukerstøtte hos leverandører av ERS programvare forskriftsfestes» meiner Pelagisk Forening at konsekvensane av dette forslaget ikkje er tilstrekkeleg avklart. Dette fordi kravet vil føra til større utgifter for leverandørane. Utgifter leverandørane må ta att på prisane. Pelagisk Forening kan ikkje sjå at det er vurdert kor mykje dette vil kosta, noko som bør avklarast før kravet eventuelt blir innført.

Ved innføring av krav bør det takast omsyn til kva utstyr det er praktisk mogeleg å ha i mindre båtar, og ikkje minst i små opne båtar.

Rapporteringsutstyr kostar, og som det står i høyringsbrevet er kostnaden relativt størst for den minste flåten. Det bør det takast omsyn til.

Av omsyn til rekruttering bør det òg takast økonomiske omsyn. Dette tilseier at fiskarar under ungdomsfiskeordninga ikkje bør påleggast rapportering som medfører kjøp av ekstra utstyr.