Publisert: 13. nov. 2019

Høyringssvar- endring i landingsforskrifta

Pelagisk Forening har sendt følgende høyringssvar vedr. endring i landingsforskrifta

Pelagisk Forening er positive til at måltekniske krav blir samla i eit regelverk, og heretter blir kontrollert, og handheva, etter Justervesenet sitt regelverket.

Pelagisk Forening meiner at det er viktig at fangstar blir veid korrekt ved landingar, men har ikkje synspunkt på veieplikt etter første gongs veging. Dvs. eventuell vegeplikt etter at mottak har overtatt eigedomsretten til fangsten.

Generelt er det positivt med mange kjøparar. Krav til vekter bør ikkje vera så omfattande at kjøparar risikerer å måtte innstilla drifta. Dette gjeld spesielt for mindre mottak, som kjøpar fisk frå den største flåten. Desse kjøparane er viktige for distrikta der dei er lokalisert, og det er lite miljøvennleg om flåten må gå lengre for å levera fangsten.

Pelagisk Forening har ikkje innvendingar til at krav om elektronisk signatur, av sluttsetlar, men meiner at det må vera lovleg unntak dersom tekniske tilhøve gjer elektronisk signering uråd. Forskrifta bør ha eit slikt unntak, slik at fiskebåtar slepp å venta på eventuell dispensasjon frå direktoratet.

Pelagisk Forening meiner at skipper må kunne delegera plikta til å underteikna sluttsetelen. Dette til andre av mannskapet. Det blir presisert at det ikkje er ansvaret som blir ønska delegert.

Pelagisk Forening har ikkje innvendingar til at det blir krav om IMO-nummer på sluttsetlane.

Pelagisk Forening er positive til å forslaget om å utvida dispensasjonsregelen i § 17 femte ledd til òg å omfatte landing av fangst til sildoljefabrikkane, der det ikkje er mogeleg å halda holde fangstane skilt før dei går i produksjon.

Når det gjeld forslag om å knytte setlane til elektronisk rapportering (ERS) er det akseptabelt, så lenge endringa ikkje medfører forseinkingar ved landingar.

Pelagisk Forening har ikkje innvendingar mot redaksjonelle endringar, og meiner det er positivt at regelverket blir lettare tilgjengeleg.