Publisert: 8. jan. 2018

Høyringssvar- prøvetaking av industrifangster ved landing

Fiskeridirektoratet har utarbeidet forslag til forskrift om prøvetaking av industrilandinger. Forslaget ligger her.

Pelagisk Forening er òg samd i at det er viktig at art og mengde fisk blir registrert.

Pelagisk Forening meiner at det er viktig at forskrifta ikkje blir slik at næringsutøvarar blir ytterlegare kriminalisert. Det er òg viktig å vera klar over at prøvetrekking aldri blir 100 % nøyaktig. Dvs. at feilmargin kan variera frå gang til gang. Ein eventuell differanse mellom fiskar sin innmelding, og prøveresultat må ikkje føra til at fiskar blir kriminalisert!

Pelagisk Forening er negativ til krava som blir stilt, med tanke på prøvetaking. Dette fordi me tvilar på at foreslått metode for prøvetaking vil gje eit korrekt bilete av fangstane.

I høyringsbrevet står det at «Fiskeridirektoratet har også lempet på en del av de opprinnelige forslagene i nevnte rapport, særlig med tanke på antall prøver og krav til prøver fra hver tank.»

Pelagisk Foreninger skeptisk til dette. Prøvetakinga vil truleg bli brukt som «fasit» dersom det er avvik mellom ERS, og prøvar tatt av kjøpar/mottaksanlegg. Pelagisk Forening meiner prøvetakinga vil kunne bli brukt til å kriminalisera fiskarane på urett grunnlag.

I høyringsforslaget skriv direktoratet at «Det foreslås derfor at videre prøvetaking av industrifangster tar utgangspunkt i at fisken blir pumpet opp i en reservoar-tank på land for videre tilførsel på transportbånd inn i produksjonsanlegget.»

«Fangsten frå flere tanker blir da mikset i reservoar-tanken, og dette medfører at det blir færre hensyn å ta for at prøvetakingen skal være representativ.»

Pelagisk Forening representerer fiskebåtreiarlag, og ikkje fiskemottak. Me stiller likevel spørsmål ved om dette er korrekt at fisken blir tilstrekkeleg blanda i reservoartankar på land, og om denne metoden vil gje eit korrekt bilete av fangsten.

Prøvane må takast før fisken eventuelt blir pumpa inn i eventuelle reservoartankar på land.

Pelagisk Forening meiner difor at det må takast mange prøvar, og det må vera eit minimumstal på prøvar. Det bør minimum takast prøvar frå topp, midt og botn av kvar tank.

Pelagisk Forening meiner òg at det er tvilsamt om prøvetrekkarane fungerer tilfredsstillande reint teknisk.

I merknadane til § 4 i høyringsbrevet står det at «Mottaker/kjøper er ansvarlig for prøvetakingen, og står ansvarlig for å gjennomføre prøvetaking av alle industrifangster som landes ved mottaksanlegget. Det er ikke myndighetens ansvar å gjennomføre slik prøvetaking.»

Pelagisk Forening gjer merksam på at det er styresmaktene sitt ansvar å utforma regelverket slik at prøvetrekkinga gjev eit mest mogeleg korrekt bilete av fangsten.

Pelagisk Forening meiner at forslaget ikkje vil gje eit korrekt bilete av fangstane, og Pelagisk Forening er difor negativ til forslaget.

Pelagisk Forening meiner at det må forskast meir på prøvetaking, før forskrifta kan vedtakast.