Publisert: 4. nov. 2022

Nordsjøsild i britisk sone

I år har det vore godt fiske, av nordsjøsild i NØS, men det er ikkje mange år sidan tilgangen var vesentleg dårleg i NØS. Då var soneadgang, i UK si sona, eit knappheitsgode.

Direktoratet har nett oppheva delkvoteeininga for berekning av ringnot, små ringnotfartøy og trål sin maksimalkvote i britisk sona. Dette har PF bede om for lenge sidan.

Adgangen til å fisk sild i UK si sona blei avtalt hausten 2021. Somme fartøy fiskar nordsjøsild i januar På tross av dette fordelte ikkje direktoratet soneadgangen på fartøynivå før etter at vintersesongen var over. Dette på tross av fleire oppmodingar frå PF. Heldigvis var det god tilgang, til fisk, i NØS, så dette skapte ikkje store problem, men når Noreg har framforhandla soneadgang bør ikkje norske reguleringsmyndigheiter vera årsak til at soneadgangen ikkje er fordelt på fartøynivå frå sesongstart.

Noreg og UK har enno ikkje inngått avtale, for sild, for 2023. PF har bede direktoratet om å fordela soneadgang på fartøynivå alt frå nyttår, om det blir underteikna ny avtale for 2023.