Publisert: 25. apr. 2017

Midlertidig driftsordning for havflåten

Nærings- og fiskeridepartementet har sendt forslag om mellombels driftsordning for havfiskeflåten ut på høyring.

Pelagisk Forening er negative til at det blir foreslått ei slik ordning. Dette fordi ordninga ikkje er naudsynt. Dei som ønskjer å strukturera har rom til å gjera det innanfor gjeldande strukturordningar.

Når ordninga først blir sendt ut på høyring, er Pelagisk Forening glade for at ordninga er innanfor gjeldande kvotetak, og at det er foreslått ei driftsordning i staden for rederikvoteordning.

Det er òg positivt at det ikkje er krav til eigarfellesskap. Dette fordi då er det lettare for einbåtsreiarlag.

Det er foreslått varigheit til årsskiftet 2020/21. Dette er mykje lengre enn kva som er naudsynt.

Pelagisk Forening meiner at gjeldande strukturordningar er gode nok, og at endringar bør venta til Eidesenutvalet sin rapport er ferdig handsama.

Regjeringa har sjølv påpeikt at ordninga vil kunne føra til færre fiskarar, færre fiskebåtar og færre landingsanlegg, men at dette har mindre betydning då ordninga er mellombels.

Pelagisk Forening meiner at 3,5 år er lang tid, og er sterkt tvilande til at t.d. eit fiskemottak som blir lagt ned er i stand til å starta opp att når ordninga eventuelt opphøyrer.


Link til høring.