Reguleringshøyringar i staden for reguleringsmøte

Pga. koronaviruset kjem ikkje Fiskeridirektoratet til å ha fysisk reguleringsmøte i november, slik dei plar ha kvar november. I staden blir det skriftlege høyringar for dei vanlege hovudartane.

Direktoratet siktar på å senda ut høyringsdokumenta no i midten av november.

Det står att å sjå kva som blir skilnaden på skriftlege høyringar i staden for eit fysisk reguleringsmøte (munnleg høyring).Debattar blir det sjølvsagt ikkje, men reguleringane er nok klare til årsskiftet likevel.

Pelagisk Forening tek gjerne imot innspel frå medlemmar, og vil handsama innspel på vanleg måte.