Publisert: 9. jul. 2020

Fangstlotteriet, fantastisk forskningsverktøy med vanvittig strafferamme

Sildelotteriet har vart i ca. 2 ½ år. Det er omdøypt til Fangstlotteriet, og omfattar fem pelagiske artar. Det er ikkje usannsynleg at lotteriet vil bli utvida til å omfatta fleire artar i framtida.

Kort fortalt verkar Fangstlotteriet slik at når fiskar registrerer ein fangst i fangstdagboka kan han bli trekt ut til å ta ein prøve av fangsten. Då skal fiskaren frysa prøven, og levera prøven på eit mottak. Mottaket sender deretter prøven til Havforskingsinstituttet (HI). På denne måten får HI, om mange nok deltek, eit representativt utval av fangstane, og eit godt verktøy til å utøva betre forsking.

Deltaking er friviljug, men god forsking er òg i fiskarane si interesse. Pelagisk Forening har vore positive til lotteriet heilt frå starten, talar varmt om lotteriet, og oppmodar medlemmane til å delta.

I fleire møte har HI sine engasjerte, og hyggelege, medarbeidarar fortalt om mogelegheitene som tilstrekkeleg mange, og gode, prøvar gjev dersom prøvane valt ut på statistisk rett måte. Kunnskap om alt frå bestandsforsking, storleik, sjukdom, parasittar m.m. Dersom våre naboland rundt Nord-atlanteren òg innfører fangstlotteri vil det gje enda betre kunnskap.

Fangstlotteriet er òg særs rimeleg. Båtane er på feltet likevel, og prøvetakinga kostar ikkje noko meir enn frakt og emballasje. Fangsprøvelotteriet vil òg kunne spara kostnadar til dyre toktdøgn. Dette utan at mange trur at forskingsavgifta blir sett ned av den grunn…

Det ligg i saka sin natur at det berre blir tatt prøvar på stadar der fiskarane faktisk finn fisk, men Fangstlotteriet medfører òg at HI kan nytta fleire av sine kostbare toktdøgn på tider, og stadar, der det ikkje er kommersielt fiskeri.

Pelagisk Forening ønsker best mogeleg bestandsforsking, og meiner at forskinga blir best med samarbeid mellom forskar og fiskar. Det er gode grunnar til å vera positiv til fangstlotteriet, og jo meir ein lærer om moglegheitene, jo meir positiv blir ein.

Til no har deltaking vore friviljug, men det skal det bli slutt på.

Endring av Fangstlotteriet er på høyring. Det er òg forslag om at det skal bli straffbart å ikkje senda inn fangstprøvar. Forslaget er eit klart brot på kva Havforskingsinstituttet tidlegare har uttalt, og kan verka negativt på tilhøvet mellom forskar og fiskar, og kan gje dårlegare prøvar. Pelagisk Forening er sterkt imot innføring av straff for unnlating av å ta fangstprøvar.

I utkast til ny forskrift blir det vist til havressurslova § 64, som set ei øvre strafferamma på seks års fengsel. Pelagisk Forening tvilar på at brot blir straffa med seks års fengsel med det første, men forslaget bør likevel ikkje vedtakast.

Forslaget kan tyda på at forslagsstillar, HI, ikkje har full oversikt over konsekvensane av forslaget. Alternativt ønsker somme i Fiskeridirektoratet svært streng straff. Til samanlikning seier straffelova § 281 at «Med fengsel inntil 6 år straffes den som uaktsomt forvolder en annens død.»

Samanlikninga viser at forslaget er i utakt med alvoret av å ikkje ta fangstprøvar. Det same gjeld dersom ein samanliknar med grovheita av andre typar fiskerikriminalitet, som dumping, overfiske, yngelfiske, m.m.

Forslaget, om straffetruslar, er for å få større svarprosent. Per i dag er ikkje alle fangstdagbokprogram er tilrettelagt for fangstprøvelotteriet. Pelagisk Forening meiner at før heimel for straff blir innført bør ein sjå kva prøvetakingsprosenten blir etter at alle fangstdagbokprodusentar no må syta for at deira system kan handtera «fangstprøvelotteriet».

Pelagisk Forening meiner òg at det er sannsynleg at fleire vil ta prøvar, på friviljug basis og etter beste evne, dersom myndigheitene informerer betre. Det same vil truleg vera tilfelle dersom myndigheitene aktivt kontaktar båtar som takkar nei til å ta fangstprøvar.

Dersom heimel for straff likevel blir vedteke bør HI, og Fiskeridirektoratet, vera særs tilbakehaldne med å melda saker til politiet. Dette synest òg å vera i samsvar med HI sitt syn, slik Pelagisk Forening oppfattar det.

Eg veit ikkje kva politiet tenkjer om slike forslag, men med sine knappe ressursar er neppe brot på plikta til å ta fangstprøvar det første politiet prioriterer.

Foreslått strafferamma på seks års fengsel er så langt frå allmenn rettskjensle at forslaget ikkje bør vedtakast.


Ask Økland