Publisert: 13. jan. 2020

Endring av co2-avgifta

Det er vedteke endring av co2-avgifta, og ikkje minst kompesasjonssystemet. Kompensasjon vil bli basert på enkeltfartøya si førstehandsverdi av fangsten. Det fører til at fiskefartøya vil betala full CO 2 -avgift, og at dei deretter får utbetalt kompensasjon basert på fangstverdien relativt til samla verdi av kompensasjonsgruppa sin fangst. Det er føreslått tre grupper. Kystflåten, havflåten og kystrekeflåten.

Tanken er at når kompensasjonen er frikopla frå drivstofforbruket, vil auka avgift gi flåten økt insentiv til å fiska meir drivstoffeffektivt.

Kompensasjonen skal trappast ned over tid.

Forvaltninga arbeider no med å utforma regelverket nærare.

Pelagisk Forening har spelt inn at det bør vurderast å dela kompensasjonsordninga opp i fleire grupper, og at ordninga ikkje bør utformast slik at den vanskeleggjer marginale fiskeri, eller nye fiskeri som t.d. fiske etter mesopelagiske artar.