Publisert: 12. jan. 2018

Feil i kvoteavrekninga for torsk i kystgruppa?

Pelagisk Forening spør i brev til Fiskeridirektoratet om det er feil i kvoteavrekninga for torsk i kystgruppa.


Kvotar, med heimelslengder under 21 meter, fiska på ulike særordningar, som t.d. havarikvote-, ferskfisk-,  nybyggingsordning, leigefartøy  m. fl. kan bli fiska på andre båtar enn båtar i heimelslendegruppa kvoten tilhøyrar.

Me har indikasjonar på at verknaden kan vera at fangst har blitt registrert på båten, og heimelslengdegruppa til båten som faktisk har fiska fangsten. Dvs. at fangsten ikkje er registrert på gruppa kvoten tilhøyrar.

Dersom torsk er avrekna i feil heimelslengdegruppa oppstår spørsmålet om feilført kvantum eit år, har ført til tilsvarande fråtrekk i gruppekvoten neste år. I så fall kan eventuelle feil føra til lågare kvote på andre båtar enn dei som har fiska på særordningane. I så fall er dette uheldig.

Som kjent har torskekvoten blitt redusert vesentleg, frå 2017 til 2018. Ein reduksjon som har gått ut over gruppene som ikkje har kvote i bestemte kvantum. På grunn av nedgangen er det ekstra viktig å få avklart om det er feilføringar.

Me viser òg til reguleringsdokumenta til reguleringsmøtet nov. 2017, sak 7/2017 pkt. 2.3.2.2. Der skriv Fiskeridirektoratet at «Fiskeridirektoratet har i samarbeid med Norges Råfisklag studert kvoteutnyttelsen og forsøkt å finne ut hvorfor den er uventet lav for fartøy mellom 15 og 21 meter hjemmelslengde. De aller fleste deltakeradgangene er aktive. Vi kommer ikke i mål med noe enkel forklaring da «kvotebildet» er temmelig uoversiktlig. Flere fartøy i denne gruppen fisker på flere kvotesett i løpet av året. Det er utstrakt bruk av leiefartøy, også fra andre hjemmelslengdegrupper, samt en del dispensasjoner fra kvoteutnyttelsesparagrafen som følge av nybyggsordning. Fartøyene som fisker på to kvotesett, starter gjerne fisket på det andre kvotesettet etter hovedsesongen i  mai og da slår ferskfiskordningen inn. Fartøyene får dermed ikke 100 % kvoteutnyttelse som følge av høy ferskfiskprosent om høsten. I 2016 fisket fartøygruppen 39 % av ferskfiskordningen i lukket gruppe, mens andelen er på 34 % hittil i år.

 I fartøygruppen på og over 21 meter hjemmelslengde er gruppekvoten overfisket med ca.

1 300 tonn.»

Dersom det viser seg at det er feilføringar, er det viktig å få korrigert dette. Det er òg viktig å få avklart, og eventuelt korrigert, eventuelle feil for tidlegare fleire.

Eventuelle feil kan gå «begge vegar». Det er likevel sannsynleg at det er blitt overført større kvantum frå gruppa 15-21 m til gruppa over 21 m, enn omvendt.

Det er viktig med korrekte kvoteavrekningar. Ikkje berre for reiarlaga det gjeld, men òg for tillita og legitimiteten til kvotesystemet.

Me ber om at Fiskeridirektoratet undersøkjer om det er feil i kvoteavrekningane, og eventuelt retter opp feil som er gjort.

Me ber òg om at Fiskeridirektoratet undersøker om tilsvarande feil òg kan ha skjedd for andre artar.

Pelagisk Forening har forståing for at det kan vera ressurskrevjande å undersøkja om det er gjort feilregistreringar, og eventuelt retta opp i feilregistreringar. Me ber likevel om ei snarleg tilbakemelding på kva Fiskeridirektoratet tenkjer å gjera med problemstillinga.