Publisert: 18. okt. 2023

Einigheit om totalkvote på nvg-sild og kolmule for 2024

I kyststatsforhandlingane om norsk vårgytande sild (NVG-sild) og kolmule har det blitt avtalt ein totalkvote på 1 529 754 tonn for kolmule, som er ei auke på 13 prosent fra 2023. For norsk vårgytande sild vart totalkvota på 390 010 tonn, som er ein nedgang på 24 prosent.

Alle partane er samde om at totalkvoten skal fastsetjast i samsvar med dei faglege tilrådingane frå Det internasjonale rådet for havforsking (ICES). Det er også avtalt at kyststatane skal halde fram arbeidet med analyser for sonetilhøyrsle for både kolmule og sild, som er viktig kunnskap for framtida.

Det er Noreg, EU, Storbritannia, Færøyane og Island som er kyststatar til kolmule, medan kyststatane til sild er Noreg, Russland, Storbritannia, Færøyane og Island.

Når det gjeld avtalar om sonetilgang for norske fiskarar i andre lands soner, vil dette forhandlast gjennom dei bilaterale forhandlingane.

Dei endelege kvotane for norske fiskarar for neste år vil bli klare etter at reguleringane er fastsette og det finst endelege tal for kvotebyte og årets fiske.

Avtaledokumenter

Herring Agreed Record (all).pdf

Herring Agreed Record (UK).pdf

Agreed record - Blue Whiting.pdf

Herring Agreed Record (all)-NSSH-2023.pdf

Herring Agreed Record NSSH-2023.pdf