Publisert: 23. okt. 2023

Justering av "sildestreken"

Fleire melder om at norsk vårgytande sild tekk austover, og at det er behov for å justera haustingsforskrifta § 59. Det er registrert lite nvg vest og utanfor nemnte område, men det er registeret nvg aust for forbodslinja. 

Det er ikkje meldt om særleg innblanding av undermåls fisk. Mest truleg har vandringsmønsteret endra seg, så det er liten fare for innblanding av undermåls fisk.

Pelagisk Forening ber difor NFD om å endra regelen, slik at det blir lov å fiska nvg i området frå vest til nord om Fruholmen fyr. Alternativt bør unntaksområdet som gjeld frå 18 grada og vestover, flyttast nordover til 71,05N, 24,00E (Fruholmen fyr.)

Som kjent har makrellen vore vanskeleg tilgjengeleg i år. Difor er det fleire båtar som ikkje har fått fiska makrellkvotane sine. Dette gjer det ekstra viktig å få fiska nvg-kvotane.

Pelagisk Foreining ber om at NFD prioriterer saka, og endrar regelen så snart som mogeleg.