Publisert: 6. okt. 2023

Høyringssvar om innskrenkingar i innsynsretten

Pelagisk Forening har levert høyringssvar til Olje og energidirektoratet sitt forslag til innskrenkingar, i innsynsretten, i forskrift til offentleglova og forskrift til havenergilova

OED grunngir forslaga m.a. med arbeidsbyrde, teieplikt, og at det er stor interesse for havvind.

Pelagisk Forening er sterkt kritisk til forslaga, til grunngjevingane, og den usedvanleg kort høyringsfristen. 18 dagar mot vanlegvis tre månadar.

PF meiner at:

  • Innsyn er ein viktig del av demokratiet.
  • At stor interesse kan gjera at innsyn er ressurskrevjande er ikkje ein god grunn for å innskrenka innsynsretten. Tvert om.
  • Storleiken på planlagde offentlege subsidiar, til havvindnæringa, talar sterkt for auka innsynsrett.
  • Myndigheitene bør praktisera mest mogeleg openheit i slike saker.
  • Stor interesse frå ålmenta er ikkje grunn for å stramma inn innsynsretten.
  • Tvert imot bør det vera større innsynsrett i saker av stor interesse for ålmenta.