Publisert: 21. sep. 2023

Nybyggsordninga- høringssvar

Fiskeridirektoratet har nett hatt høyring om forslag til endring i leigefartøyordninga for nybygg.

I norsk fiskeriregulering er det eit grunnprinsipp at kvart fartøy berre skal kunne fiska sine kvotar. Strukturordningar, samfiskeordningar, og løyve til å bruka leigefartøy ved havari og nybygg er unntak frå dette grunnprinsippet.

Bakgrunnen for høyringa var kritikk frå Riksrevisjonen. Riksrevisjonen meinte at det er for mange kvotar som ikkje er tilknytt ein fiskebåt. Stortinget slutta seg til kritikken frå Riksrevisjonen.

Nybyggsordninga gjev reiarlag høve til å nytta leigefartøy dersom dei skal bygga nybygg. Dette etter søknad, og på bestemte vilkår. Ein kan nytta leigefartøy i inntil to år, men dette kan forlengast dersom nybygget blir forseinka pga. tilhøve utanfor reiarlaget sin kontroll.

Omsynet er at reiarlag skal kunne selja båten på eit økonomisk gunstig tidspunkt. Det kan vera økonomisk gunstig å fiska to kvotesett med ein båt. Nybyggsordning kan vera særs gunstig for fleirbåtsreiarlag.

Det er ikkje eit omsyn, bak reglane om nybyggsordning, at reiarlag skal koma gunstigare ut økonomisk ved ikkje å ha båt i ein periode.

Pelagisk Forening meiner m. a. at ordninga er viktig, og bør vidareførast. Om naudsynt med visse justeringar.

Pelagisk Forening gav m. a. uttrykk for:

  • At mange av høyringsforslaga burde vore betre konsekvensutgreidd.
  • Negativ til forslag om å redusera perioden til eit år for kystgruppa, og å utvida ordninga til tre år for havfiskeflåten.
  • At det er svært sannsynleg at utviding frå to til tre år vil medføra ei stor auking i kor stor del av kvotane som ikkje er tilknytt noko fartøy.
  • At det bør vurderast tiltak for å sikra likehandsaming.
  • Dersom fartøy får «karantenetid» etter å ha blitt brukt i leigefartøyordning bør ikkje «karantenetida» gjelda annan leigefartøyordning.
  • At fartøy under ti meter loa ikkje bør stengast ute frå ordninga.
  • Dersom styresmaktene likevel vel å innføra ei lengdegrensa bør grensa vera åtte meter, og ikkje ti.
  • Dersom det er slik at direktoratet har opplevd «misbruk», av ordning, for små opne båtar direktoratet kallar «hyllevare» bør direktoratet heller vurdera å utelukka slike båtar frå ordninga, eller avslå slike søknadar.
  • At det er viktig med lovfesta rett, for alle grupper, til lengre tid dersom nybygg blir forseinka pga. tilhøve utanfor reiarlaget sin kontroll.
  • Er positive til å redusera varigheita, for leigefartøy for nybygg til eit år, for små kystbåtar, men meiner at grensa bør vera åtte, og ikkje ti meter loa.
  • Ordninga skal vera uendra for båtar over ti meter, men meiner at båtar over åtte meter òg bør vera omfatta av to års leigefartøyordning.
  • At unntaket, frå hovudregelen om kvoteutnytting i reguleringsforskriftene sjette ledd bør vidareførast.
  • Støttar ikkje forslaget om at «unntaksbestemmelsen som hovedregel bør begrenses til utskiftning (kjøp og salg) innenfor samme reguleringsår».
  • Støttar at «det bør stilles krav om at utskiftningsfartøyet må ha hatt samme eier de to siste årene før salget for å kunne benytte seg av unntak fra regelen om kvoteutnyttelse.»
  • At det bør presiserast når fristen byrjar å løpa.
  • Støttar forslaget om endring av lengda på førehandstilsegn, frå to til eit år, for fartøy under ti meter loa, og to år for kystfartøy over ti meter, men meiner at grensa bør gå ved åtte meter.
  • At løyve til å nytta leigefartøy bør gjelda for to år, uavhengig av når ein søkte om generelt utskiftingsløyve.