Publisert: 8. jun. 2023

Om åpenhetsloven

Openheitslova skal fremja verksemder sin respekt for: menneskerettar, og

anstendige arbeidstilhøve, òg  sikra ålmenta tilgang til informasjon.

Alle verksemder som oppfyller to av desse tre kriteria må oppfylla krava lova stiller.

1.         salsinntekt: 70 millionar kroner

2.         balansesum: 35 millionar kroner

3.         gjennomsnittleg tilsette i rekneskapsåret: 50 årsverk.

Ein bør ikkje bli overraska om krava blir endra om nokre år, slik at verksemder med lågare omsetning blir omfatta.

Lova er lagt opp slik at dette er eit kontinuerleg arbeid, og ikkje ein «quick fix». Dette er eit såleis nok eit krav til innhaldet i internkontrollarbeidet.

Fristen til å oppfylla krav i lova er 30. juni 2023.

PF sendte òg ut info i juni 2022, då lova blei vedtatt.

Krava i lova

For å oppfylla krava i lova må reiarlaget:

1.Forankra arbeidet i styret. Dvs. styrevedtak.

2.Laga retningslinjer. Desse må fortelja:

a) Korleis reiarlaget skal opptre ansvarleg. T.d. ved å stilla krav til samarbeidspartar.

b) Reiarlaget sine forventingar, til ansvar, hjå samarbeidspartar. 

c) Reiarlaget sine planar for aktsamvurderingar.

d) Forklar korleis dei prioriterer verksemda sine aktsamvurderingar. Dvs. kvifor enkelte typar risiko er meir vesentlege enn andre.

e) Dei viktigaste risikoane, basert på kartlegging av risiko.

f) Forplikta reiarlaget til å handsama alle klagar de mottek.

3.Kartlegga/lista opp eigne aktivitetar, og leverandørar.

4.Gjera aktsamvurderingar.

a)Vurdering av risiko.

b)Kartlegging av faktiske tilhøve.

c)    Skildra tiltak.

5.Skildra oppfølging og resultat. Dokumentasjon på arbeid og systematikk.

6.Senda info til dei som ber om det.

7.Offentleggjering av aktsamvurderingane.

Korleis offentleggjera aktsamvurderingane

Reiarlaget skal minst gjera greie for aktsamvurderingane.

Offentleggjering:

Skal skje på reiarlaget si nettsida,

kan inngå infoen om samfunnsansvar etter rekneskapslova

Årsmeldinga skal opplysa om kor infoen er tilgjengeleg.

Dette skal oppdaterast seinast 30. juni kvart år, og ved vesentlege endringar i verksemda si risikovurdering.

Lova seier ikkje noko om korleis offentleggjering skal skje for selskap som ikkje har heimesida. Eg reknar med at lova ikkje medfører krav til å ha heimesida, men dette er usikkert.

Sjekklista for oppfylling av menneskerettar:

Dersom reiarlaget kan svare ja på alle påstandane under er det lite sannsynleg, men ingen garanti, at reiarlaget bryt openheitslova sine krav til arbeid for å unngå brot på menneskerettar.

Reiarlaget:

1.Har ein en menneskerettspolicy som er vedtatt av styret.

2.Forpliktar seg til å respektera menneskerettane til alle som er omfatta av verksemda, og å påverka leverandørar og samarbeidspartar til det same.

3.Menneskerettspolicyen er offentleg tilgjengeleg og godt kjent, både internt og av leverandørar, kundar og samarbeidspartar.

4.Menneskerettspolicyen skal sendast til dei som ber om det.

5.Gjennomfører aktsamvurderingar for å kartlegge risikoen for om verksemda forårsakar eller bidreg til brot på menneskerettar.

6.Reiarlaget gjennomfører aktsamvurderingar for å kartlegge om leverandørar, kundar, og samarbeidspartar respekterer menneskerettane på område som er direkte knytt til verksemda.

7.Iverksetting av relevante tiltak blir prioritert.

8.Har ei klageordning der råka kan få hjelp til rette opp skadeverknadar.

9.Gjer tiltak for å bøta på skaden, og unngå skade i framtida, ved eventuelle menneskerettsbrot.

10.Gjer tiltak for redusera risiko for brot på menneskerettar.

11.Brukar sin påverknadskraft, til å redusera skadeverknadar, dersom det blir avklart at leverandørar, kundar eller samarbeidspartnarar ikkje respekterer menneskerettar.

12.Rapporterer offentleg, og regelbunden, om sitt arbeid med menneskerettsspørsmål.

13.Freistar å påverke våre leverandørar, kundar og samarbeidspartar til å etterleve de same krava til fremjing av menneskerettar og gode arbeidsvilkår som oss.

Sjekklista for å sikra anstendige arbeidsvilkår

Norske selskap som oppfyller arbeidsmiljølova/skipsarbeidslova, i høve til sine tilsette, vil samstundes oppfylla openheitslova sine krav til arbeidsvilkår. Denne sjekklista er såleis mest relevant i høve til leverandørar, kundar og samarbeidspartar i utlandet.

Dersom de kan svara ja på spørsmåla under er det svært sannsynleg, men ingen garanti for, at de oppfyller krava openheitslova stiller til arbeidsmiljø.

Reiarlaget sine leverandørar, kundar og samarbeidspartar:

1.Lar tilsette ha rett til å vera fagorganiserte.

2.Deltar konstruktivt i kollektive forhandlingar med tilsette/ deira representantar om lønns- og arbeidsvilkår

3.Gir tilsette sine representantar ressursar til å utforme effektive tariffavtalar.

4.Deler informasjon om verksemda, og har eit konstruktivt samarbeid med sine tilsette.

5.Varslar tilsette i god tid om planer som kan få stor verknad for sysselsetting og arbeidsplassen.

6.Har tiltak som skal sikre at dei ikkje medverkar til barnearbeid, tvangsarbeid og/eller diskriminering.

7.Gir tilsette opplæring, og arbeider målretta for å oppnå god HMS.

8.Har løn og kompensasjonsordningane er i samsvar med bransjestandardar, og sikrar er på eit nivå som minimum tilfredsstiller tilsette, og deira familiar sine grunnleggjande behov.

Om aktsamvurderinga.

Dette er ein prosess/arbeidsmetode for å kartlegga, forebygga, og gjera greie for, og følge korleis reiarlaget handterer faktiske og potensielle negative konsekvensar av verksemda si.

Vurderingane skal gjerast regelmessig. Dette er såleis ein kontinuerleg prosess, som må evaluerast med jamne mellomrom. Kva har fungert godt/ mindre godt, og korleis kan prosessen forbetrast? Det er krav om regelbunden kartlegging av risiko, og det må takast omsyn til endra tilhøve. Typisk nye forretningsområde, leverandørar eller samarbeidspartar.

Ta kontakt dersom de har spørsmål.