Publisert: 5. jun. 2023

Trakassering som avskjedsgrunn

Av Ask Økland

Trakassering skjer ikkje berre hjå andre. Brått kan trakassering skje om bord i din båt, eller på din arbeidsplass. Då er det greitt å ha tenkt gjennom kva du bør, pliktar, og kan, gjera.

Dommen som eg omtalar her er illustrerande. For ordens skuld så gjer eg merksam på at eg ikkje representerte nokon av partane i denne saka.

I mai 2018 avsa Sunnmøre tingrett ein dom der ein fiskar fekk avskjed p. g. a. trakasseringav kollega om bord på fiskebåten. Det er ein god, korrekt, og lærerik dom. Dommen blei avsagt kort tid før den verdsomspennande «Me Too-kampanjen», og altså før det blei stort fokus på seksuell trakassering i arbeidslivet.

Ein 44 år gamal mannleg fiskar hadde fått avskjed p.g.a. uønskt åtferd, og seksuell trakassering av ei 18 år gamal kvinneleg lærling.

Fiskaren gjekk til sak, kravde avskjeden ugyldig, og kravde skadebot. Retten stadfesta at avskjeden var rettmessig. Fiskaren blei òg idømt sakskostnadar.

Før retten kan ta stilling til om avskjed er gyldig må retten bli kjent med dei faktiske tilhøva som var årsaka til avskjeden.

I saka kom det fram at det var ein del «griseprat» og annan grov humor i «røykerommet» om bord.

Fiskaren hadde tilbode lærlingen betaling (kontant og vipps) for å kle seg naken, slik at han «kunne se og ta på brystene hennes.» Fiskaren hadde òg spurt om han skulle kjøpe sexleiketøy (vibrator) til henne, stilt spørsmål om ho var viljug til å ha samleie, som han var viljug til å betala henne for. Fiskaren hadde òg sendt henne tekstmeldingar med referansar «til hans forhold til henne». Dette medførte at lærlingen ikkje lenger våga å opphalda seg i nærleiken av fiskaren.

Trakasseringa, og lærlingen sitt ønske om å forlata båten, gjorde at skipperen fant det naudsynt å avbryta turen. Avbroten tur kosta ca. 1 mnok, i følje reiarlaget.

Når båten kom til land var det eit kort drøftingsmøte, mellom reiarlaget og fiskaren. Reiarlaget var representert ved advokat.

Først måtte retten vurdera om vilkåra for avskjed var oppfylt. Skipsarbeidslova har ikkje ein definisjon av kva som er trakassering. Det juridiske vilkåret, for avskjed, er at det har skjedd eit «grovt pliktbrudd eller annet vesentlig mislighold av arbeidsavtalen», jf. skipsarbeidslova § 5-14 (1). Regelen er tufta på den vanlege avskjedsregelen i arbeidsmiljølov § 15-14. Difor er rettspraksis etter arbeidsmiljølova relevant, og retten uttalte at «Det skal imidlertid tas hensyn til de særlige problemstillinger som knytter seg til at arbeidet skjer om bord i et skip.» Dvs. at det at ein arbeider tett om bord i skip, og at det ikkje er mogeleg å forlata arbeidsplassen/båten, og at ein må opphalda seg på båten i fritida, gjer at det er strengare krav til korrekt åtferd.

I denne konkrete saka blei det òg lagt vekt på at lærlingen var redd for at fiskaren skulle koma inn på lugaren hennar, og at tryggleiksomsyn gjorde at det ikkje var lov å låsa lugardørane. Det skal altså leggast vekt på korleis den råka oppfattar den andre sine handlingar. Altså den subjektive oppfatninga til lærlingen.

Retten uttalte at «For at en avskjed skal kjennes gyldig må retten foreta en bred helhetsvurdering, der en ut fra hensynet til den ansatte og bedriften må vurdere om avskjeden fremstår som en urimelig eller uforholdsmessig reaksjon. I hvilken grad arbeidstaker kan bebreides vil ofte være en sentral problemstilling i vurderingen.»

Retten konkluderte med at fiskaren si åtferd «klart var et vesentlig mislighold av arbeidsavtalen. I

tillegg til at særlig tilbud om kjøp av sex i seg selv representerte en uakseptabel og nedverdigende handling mot en kollega er det også det lagt vekt på aldersforskjellen mellom de to, og ikke minst at fornærmede var i en utsatt posisjon som ung kvinnelig lærling på en fiskebåt der mannskapet ellers var menn.»

Retten la òg vekt på at lærlingen ikkje lengre våga å vera i nærleiken av fiskaren. Altså lærlingen si oppleving av hendingane.

Retten legg òg vekt på omsynet til fiskaren. Altså kva konsekvens avskjed har for han, men retten meinte at tillitsbrotet til fiskaren var så alvorleg at omsynet til han ikkje kunne vera avgjerande.

Retten uttalte at «Avskjeden vurderes verken som urimelig eller som en uforholdsmessig steng reaksjon.»

Det kan òg nemnast at då båten var ved kai i Måløy uttalte ein av mannskapet at dersom båten går ut med fiskaren så går han av. Dette personen nekta altså å vera om bord dersom fiskaren fekk fortsetja om bord. Dette kunne medført ein klar ordrenekt, og han risikerte altså stillinga si. Det er tøft gjort, og det står respekt av at han stod opp for kollegaen.

Retten er òg tydeleg på at sakshandsaminga forut for avskjeden er reiarlaget sitt ansvar, og at dette er sentralt i avskjedsvurderinga.

Retten kritiserer reiarlaget, og skriv at «de ansvarlige på fiskefartøyet burde aktivt tatt fatt i den seksuelle humoren som utviklet seg på røykerommet…Arbeidsgiver ansvar for å følge opp lærlingen ble derfor ikke ivaretatt.»

Dette blei likevel ikkje tillagt avgjerande vekt fordi fiskaren «uansett må ta ansvar for egen grovt trakasserende oppførsel mot en kollega.» Ved mindre grove utsegn kunne reiarlaget si mangelfulle oppfølging vippa resultatet den andre vegen.

Fiskaren blei først kjent med avskjedssaka då dei kom til land i Måløy. Reiarlaget blei òg kritisert for at det ikkje hadde vurdert suspensjon eller gitt fiskaren tid til å imøtegå påstandane før avskjed blei gjeve etter eit kort møte på ca. 15 minutt. «men retten kom til at tillitsbruddet var så alvorlig at hensynet til arbeidstaker ikke kunne avgjøre saken og at arbeidsgiver i realiteten ikke hadde hatt annet alternativ enn umiddelbar oppsigelse.» Dersom pliktbrotet (trakasseringa) var mindre grov ville domsresultatet kunne blitt eit anna.

Kva kan ein så læra av dommen?

Reiarlag har ein klar handlingsplikt til å ikkje la uønskt åtferd få utvikla seg. Plikta gjeld spesielt leiarane.

Grov seksuell trakassering er avskjedsgrunn. Dette sjølv om reiarlaget har forsømt handlingsplikta si.

Den trakasserte si oppleving er vesentleg i vurderinga av om åtferd er avskjedsgrunn.

Alder, og styrketilhøve, mellom dei to er òg viktige i vurderinga.

Det at ein ikkje kan forlata båten/arbeidsplassen, og må opphalda seg på båten på fritida, skjerpar mannskapet sitt krav til åtferd. Dette gjer òg at terskelen for avskjed kan vera lågare enn kva som kan vera tilfelle på land.

Reiarlag pliktar òg å vurdera suspensjon før avskjed.

Arbeidstakarar har òg rett til nok tid til å koma med ei reell imøtegåing av klager mot han. Det kan såleis vera klokt å suspendere den det gjeld. Då får ein tid til å avklara kva som faktisk har skjedd, og båe partar får tid til å vurdera saka.

Det kan òg nemnast at «terskelen» for oppseiing er lågare enn for avskjed. Det kan såleis vera klokt å heller sei opp folk ein meiner trakasserer kollegaar.

Omplassering til andre båtar, eller arbeidsplassar, bør òg vurderast dersom reiarlaget har fleire båtar.

I arbeidsrettssaker er formalia viktig. Det same er kontradiksjon. Altså at den som blir vurdert å få avskjed eller oppseiing må ha reelt høve til å forsvara seg mot skuldingane. Dersom arbeidsgjevarar gjer feil her kan dei tapa saker sjølv om handlingar isolert sett kvalifiserer til oppseiing eller avskjed.

I så fall vil reiarlaget fort bli dømt til å betala sakskostnadar og skadebot. Det er difor viktig å ta seg tid til god sakshandsaming, og om naudsynt ha kvalifisert bistand.